– Det er lett å vere i opposisjon. Då kan ein hyle, skrike og krevje enkle svar på kompliserte spørsmål.

DEN STORE SAKA? Byhjorthen har verken trua på, eller sansen for einsaksparti som Bompengepartiet.

DEN STORE SAKA? Byhjorthen har verken trua på, eller sansen for einsaksparti som Bompengepartiet. Foto:

DEL

ByhjorthenDet er freistande å latterleggjere både Bompengepartiet og dei som seier at dei skal stemme på dei til hausten. Er verkeleg bompengar den eine store saka som det er verdt å brenne for? Skal det få vere den einaste saka som betyr noko ved valet til hausten? Viktigare enn bustad til alle og levelege ytingar til dei som ikkje kjem seg inn i arbeidslivet? Ein gjeng med tullebukkar meiner tydelegvis det, og dei er så mange at dei har klart å sette dagsorden. På ein måte er det jo beundringsverdig. Dei har starta eitt parti og prøver å endre systemet slik vi vil at systemet skal endrast. På demokratisk vis. Det er eigentleg ganske fint. Nesten litt vakkert.

Det er lett å vere i opposisjon. Då kan ein hyle, skrike og krevje enkle svar på kompliserte spørsmål. Kjem ein i posisjon må ein ta innover seg korleis ting eigentleg heng saman. Slik Frp har fått merke i regjering. Drivstoff er framleis dyrt. Mulla Krekar er framleis i landet. Ein må faktisk prioritere om ein skal bygge meir veg, eller om ein skal ta vekk bompengane. Ein får ikkje til begge deler utan å gjere rekneskapstekniske triks der skattebetalarane uansett må betale. Slik som NRK-avgifta som jo no blir fjerna, men som vi likevel må betale for over skattesetelen. Det er sjølvsagt ein trøyst at om Bompengepartiet kjem i posisjon nokon plass vil dei ganske snart få ein svingande pendel i planeten.

Det som er fint for oss andre, og sikkert litt slitsamt for Bompengepartiet, er at når dei no insisterer på å vere eit parti, og til og med ligg an til å gjere det meir enn bra, ja då må dei svare på andre spørsmål om politikk også. Kor er dei, kva vil dei, og korleis skal dei kome seg dit? Svara til nå tydar på at dei høyrer til ute på høgresida ein plass. Dei vil nemleg fjerne eigedomsskatt, og effektivisere kommunane. For Bompengepartiet er ikkje så annleis enn alle andre populistar. Om dei treng pengar til noko kan dei berre sjå til det offentlege og tenke seg at her må det vere mogleg å få til noko. Kommunane er jo så ineffektive. Her må det vere mogleg å spare inn milliardar.

Ber du dei om å vere litt meir konkrete blir dei fort virrande i blikket og famlande i setningsoppbygginga, men det er alltid eit lite knippe byråkratar, som uansett ikkje gjer noko anna enn å gjere livet surt for folk, som det må vere mogleg å kvitte seg med. Eller nokon i administrasjonen som er grovt overbetalt. Dei på golvet bør i grunnen kunne administrere og organisere seg sjølv. Eg veit ikkje, men her er ein tanke. Kan det vere slik at det finst kommunar som slit med sjukefråvær og pengebruk av di dei har for liten og svak administrasjon og er for dårleg organisert? At svaret nokon gonger er større administrasjon, ikkje mindre? Det finst sikkert eit konsulentbyrå som kan gje deg svaret om du har pengar å betale med.

Jo, det er fint at folk engasjerer seg politisk, og om det no skulle rykke inn ein heil haug med bompengemotstandarar inn i styre og stell i politikken kan dei gjere seg klare for eit ganske intensivt og frustrerande vaksenopplæringskurs dei neste fire åra. Det kan bli mykje god underhaldning ut av det. Eg vil nok likevel tilrå folk at dei stemmer på parti som har eit partiapparat, og eit program som ikkje er skribla ned på eit pølsepapir i bilkø på veg til anti-bompengedemonstrasjon.

Tida vi lever i er prega av misnøye. Mistru på at politikarane, det offentlege, stat og kommune, er i stand til å sjå og løyse problema til folk flest. Vi kan le av dei BMW-køyrande bompengemotstandarane, men hovudtrekket er meir urovekkande. Eg høyrde ein gong eit foredrag med ein fyr som snakka om kor problematisk det blir på ein arbeidsplass om det veks fram ein «kos med misnøye-kultur» der alt ein gjer er å snakke om kor gale alt går. Det er dårleg for arbeidsmiljøet og bedrifta på alle måtar, og utruleg vanskeleg å bli kvitt om det først får festa seg.

No for tida verker det som om denne kulturen er i ferd med å spreie seg til heile den vestlege verda. Trump og Brexit er symptom på dette. Bompengepartiet likeins. Kva blir resultatet på sikt? Det står att å sjå, men eg er redd vi ikkje kjem til å like det.

Artikkeltags