«Høfleg som eg er turte eg aldri seie nei til dette tilbodet. Eg gulpa kaffi, vaflar og ballerinakjeks»

KAFFIVERDA: Å orientere seg i kaffiverda er ikkje berre enkelt, for dei som ikkje er  kjend.FOTO: Jon Lin Photography (CC BY-SA 2.0)

KAFFIVERDA: Å orientere seg i kaffiverda er ikkje berre enkelt, for dei som ikkje er kjend.FOTO: Jon Lin Photography (CC BY-SA 2.0)

DEL

ByhjorthenEg er godt inne i mitt 53 år her på jorda, og det har vel gått sånn nokon lunde. Eg har utvikla meg. I barndommen likte eg ikkje noko anna enn pannekaker, tomatsuppe og fiskebollar. No et eg stort sett den maten eg får servert. Eg har lært meg å like både øl, vin og whisky. Eg tør køyre berg og dalbane, sjølv om eg helst vil sleppe. Eg er ikkje lenger fullstendig sosialt tilbakeståande. Eg tek telefonen, og kan snakke til forsamlingar om eg må. Men det er framleis hol å fylle. På eitt område har eg svikta totalt. Eg har aldri lært meg å drikke kaffi.

Forskarane seier at du må smake på noko ti gonger før du likar det. Det er vel eit slags gjennomsnitt. Dei fleste lærar seg å like softis mykje kjappare enn som så. Norvegiaost kan du nok tolerere ganske kjapt, medan du må gå mange rundar med ein Gorgonzola piccante før du blir overtydd om at den er ostebordet verdig. Poenget er at skal du introdusere ein ny smak må du ikkje gi opp med ein gong. Mitt spørsmål til forskarane er kor mange gonger eg må smake på kaffien før eg begynner å like skvipet?

For eg har verkeleg prøvd. For ein del år sida jobba eg som heimehjelp på Notodden. Eg drog rundt frå hus til hus for å hjelpe gamlingane med å halde huset sånn nokolunde reint, og alle plassar eg kom blei eg budd på kaffi. Høfleg som eg er turte eg aldri seie nei til dette tilbodet. Eg gulpa kaffi, vaflar og ballerinakjeks. Ofte tilbaud dei på mjølk til kaffien, og eg pleidde å svare ja til det heilt til eg ein dag fekk lettmjølk som var gått ut på dato for fjorten dagar sidan. Jau då, eg drakk den også. Skulle eg skuffe gamlingane? Sjølvsagt ikkje!

Eg drakk uendelege mengder med kaffi, men eg syntest aldri det smakte noko anna enn oppvaskvatn. I beste fall. Pfhøy. Då eg slutta som heimehjelp forbanna eg meg på at eg aldri meir skulle drikke kaffi. Det har eg rett nok ikkje klart å halde, av og til hamnar eg i situasjonar der eg takkar ja til ein kopp for å vere høfleg, men nei. Eg har ikkje klart å like det. Det er ikkje godt. Det er mest sannsynleg meg det er noko gale med.

Men denne jula har eg gjort eit nytt forsøk. Eg kjøpte ein Nespresso Latissimo One, kapselmaskin, til mi kjære i julegåve. Den har eg no lært meg å bruke, og eg gjer eit seriøst forsøk på å infiltrere kaffiverda. Eg må tilstå at eg framleis er ganske forvirra. Eg har kjøpt eit lass med kaffikapslar med det som skal vere forskjellige smakar. Eg har lært meg at nokon av kapslane skal lagast som espresso. Det har eg skjønt er ein knøttliten kopp med sterk kaffi. Andre kapslar skal lagast som lungo. Det er ein litt større kopp. Problemet er at det ikkje står kva som er kva på kapselen. Du må spare på eskene, eller pugge kapslane for å vite kva som er kva, og kven gjer vel det? Ikkje eg visar det seg.

Kapselverda visar seg å vere like uoversiktleg som ein alt for tjukk fantasyroman. Det er kaffi i alle variantar. Dharkan. Cosi, Khazar. Arpeggio, Nordic Almond Cake. eller Nordic Cloudberry. Kapselmaskina har dessutan innebygd ein fancy mjølkesteamer som gjer at du kan lage alle variantane med mjølk. Latte eller Macchiato. Når eg spør mi kjære om ho vil ha ein kopp med kaffi no, svarar ho ofte ja, men når eg så spør kva slags kaffi ho vil ha, er alternativa så mange at det blir umogleg å bestemme seg. Som regel må eg lage ein kopp te i staden.

Å ikkje drikke kaffi er eit sosialt handikap. Du blir ein outsider. Eit utskot. Spedalsk. Eller ... eg overdriv kanskje litt, men det er eit helsikes mas. Foreløpig har eg oppdaga at kapselkaffien enten smakar pøkk, eller så smakar den dobbeltpøkk, men det er nok berre snakk om tid. Nespresso har lova meg eit gratis avkalkingssett til kaffimaskina når eg har kjøpt 1000 kapslar. Innan den tid må eg vel ha øydelagt smaksløkane nok til at eg likar skiten godt nok til at eg kan kalle meg for kaffidrikkar? Eg gjer eit forsøk! Eit siste skippertak. Det er no eller aldri!

Om ikkje det går får eg vel berre drikke øl då?


Artikkeltags