Vel livet?

Vel livet: Vel ein jobb. Vel ein karriere. Vel ein familie. Vel eit dritsvært fjernsynsapparat.

Vel livet: Vel ein jobb. Vel ein karriere. Vel ein familie. Vel eit dritsvært fjernsynsapparat. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

BYHJORTEN Hugsar de Mark Renton? Den narkomane spjælingen i Ewan MacGregors skikkelse som kjempa seg inn på veggen til utallige tenåringssoverom på nittitalet? Han frå «Trainspotting» med den ikoniske monologen i starten av filmen? Choose Life? Vel livet. Vel ein jobb. Vel ein karriere. Vel ein familie. Vel eit dritsvært fjernsynsapparat, velg vaskemaskiner, biler, CD-spelarar, og elektriske boksopnarar. Alt dette medan han spring gjennom Edinburghs gater, på flukt frå politiet etter eit simpelt butikktjuveri. Kvifor i all verda skal eg velje livet, spør Renton. Han vel å ikkje velje livet. Han vel noko anna. Kvifor? Kven veit. Kven treng ein grunn når ein har heroin?

Det var ikkje slik at det plutseleg vart kult å være narkoman. Likevel heia vi på Mark Renton. Men kvifor? Kvifor kjøpte vi t-skjorter med «Choose Life» på, og hengde monologen hans på veggen? Var vi liksom motstandarar av forbrukarsamfunnet? Sjølvsagt ikkje. Og meir enn tjue år etter, kor har vi hamna? Tok vi lærdom av Rentons regle? Tok vi det til etteretning på noko slags vis? Nei, tenkte meg det. Du har vel ein dritsvær tv i stova, du òg?

Det er ungdommens privilegium å sjå på foreldregenerasjonen med eit kritisk blikk. Å tru at ein kan gjere det betre. Kanskje var det der apellen til Renton låg? Her hadde vi ein kar som openberrt kunne snakke for seg. Sjarmerande og intelligent, på sitt villdyraktige vis. Med solide middelklasseforeldre som berre vil han vel. Ein som eigentleg burde ha alle moglegheiter til å lukkast bra i samfunnet. Men som gjer avkall på alt saman. Han viser at det finst andre vegar. Ein treng ikkje bli med på rotteracet! Kva så om han byter ut den kaptialistiske livsstilen med heroin? Hans val. Men det må då finnast andre måtar å velje på som kan gje meir meining. Det er vel ikkje slik at valet står mellom smoothiemaskin eller hard narkotika? Det må vere noko meir der ute? Vi må uansett klare å skape eit betre liv enn det meinigslause greiene foreldra våre driv på med? «Trainspotting» viste fingeren til det etablerte, og vi elska det. Vel livet? Ikkje faen!

Eg såg «Trainspotting» på ny denne veka etter meir enn tjue år. Den sit fortsatt som eit skot i armen, som ein av dei svært få filmane, kanskje den einaste, som klarar å skildre livet til dei narkomane som eit helvete, samstundes som gjer oss ei slags forståing av apellen. Kvifor ein hamnar der, og kvifor ein ikkje kjem seg ut igjen. Men det er jo først og fremst ein film om å unngå avhengigheit. Anten det er lønsarbeid eller narkotika ein gjer seg avhengig av. Renton blir rusfri i ein periode. Dreg til London og jobbar som eigedomsmeglar. Han er ganske god til det, men sjølv om han seier at han på eit vis likar det, er vi ikkje sikre på at vi trur på han. Og når hans gamle venner frå Edinburgh kjem på besøk og lokkar med ein lukurativ narkohandel, er han snart tilbake på køyret. «Trainspotting» er eigentleg djupt pessimisitisk. Mark Renton kan snakke oss rundt. Rasjonalisere så han trur det sjølv, men inst inne veit han at sanninga er at alt er meiningslaust.

Tjue år etter har vi blitt til alt det som Renton rasar mot. Vi veit at valet ikkje står mellom misbruk eller forbruk. Det var ikkje Renton vi skulle ha hengt på veggen, men Baudelaire. Han visste korleis det var fatt. Ein bør alltid være full, skreiv han. For å ikkje føle tidas forferdeleg bør som knekker skuldrane våre og bøyer oss mot jorda. Rus dykk, sa han. I vin, poesi, eller dyd etter lyst. Og om du undertida vaknar på ei slottstrapp, i det grøne graset, i ei grøft. Eller i den uhyggelege einsemda i ditt kammer, og merkar at rusen er mindre, eller heilt forbi. Da skal du spørje vinden, bølgja, stjerna, fuglen eller klokka. Alt som flykt\ar, jamrar, rullar, syng eller talar. Spør kva tid det er, og dei vil svare det. Det er tid for å bli full. For ikkje å være tidas pinte slave, så rus dykk. Utan opphald. I vin, poesi, eller dyd etter lyst. Velg livet. Velg forbrukarsamfunnet. Eller la vere, om du har råd, men rus deg. På vin. Kinnøl. Poesi. Ost, litteratur og god film. Alt anna enn heroin. Det er den einaste utvegen.

Heng det på veggen din, Rent-Boy.

Artikkeltags