Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er no to år sidan at eit overveldande fleirtal på Stortinget vedtok bygging av Stad skipstunnel (berre MDG stemte mot). Når no regeringa i sitt reviderte statsbudsjett foreslår å utsette utlysing av anbod på prosjektet, så er dette eit stort løftebrot. Grunngjeving er at prosjektet blir dyrare og må utgreiast på nytt. Stad skipstunnel er utgreia over 20 ganger og kvar utsetting fører til at det blir dyrare å bygge når kostnader og renter stig.
Av samla innvesteringer i Nasjonal transportplan er det bare 3% som går til å styrke samferdsel på hav, resten er veier, jernbane mm. Regjeringa kan no gje kysten av Vestlandet eit løft og må innfri vedtaket fra Stortinget.
Raudt Sogn og Fjordane vil snarlig ta kontakt med vår stortingsgruppe slik at dei får dei beste argumenta for å protestere mot regjeringas trenering.