– Portalen til Flora

Barbro Furset og Per Øyvind Helle i Byen vår Florø presenterer den nye nettsida som skal vere ein felles inngangsportal for Florasamfunnet.

Barbro Furset og Per Øyvind Helle i Byen vår Florø presenterer den nye nettsida som skal vere ein felles inngangsportal for Florasamfunnet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Nettsida Florø.no skal vere ein samleportal for alt som skjer i byen.

DEL

– Vi har hatt same adresse før, men no har sida verkeleg fått seg ei overhaling, fortel Barbro Furset i Byen vår Florø.

Saman med Per Øyvind Helle har dei no relansert nettsida florø.no, som skal fungere som ein felles inngangsportal til Flora og florasamfunnet.

– Fleire viktige aktørar i byen har henvendt seg til oss. Dei sakna ein enklare måte å finne informasjon på, fortel Helle.

«Go-to»-side

På nettsida skal no både bedrifter, studentar, innflyttarar og ikkje minst dei som allereie bur her kunne orientere seg i ein vrimmel av frivillige lag og organisasjonar. Dei oppmodar nettopp desse laga og organisasjonane, så vel som bedrifter til å gå inn og registrere seg på sida.

– Vi har så utruleg mange aktivitetar folk kan vere med på, men det er altfor få som veit om dei. For kvar skal dei finne informasjonen? Difor er det viktig å samle alt på ein stad, fortel Helle og viser fram den nye kalenderfunksjonen. I kalenderen skal alle som er registrert på sida kunne legge inn sine arrangement:

– Vi ønsker at nettsida skal vere «go-to»-sida for florøfolket, seier Furset.

Vil vise byen til studentane

Særleg studentane i byen har etterlyst dette fortel dei.

– Dei vil jo sjekke ut byen dei skal flytte til, men det har ikkje vore så lett å finne informasjon med mindre du veit kva du skal søke på. Dette har vi forsøkt å gjere enklare, fortel Furset.

Utflyttar-design

Han som har stått for designet er utflytta florøværing Christian Hope. Han jobbar for tida i Oslo som grafisk desginer i Fjeldheim & Partners, eit av landets største reklamebyrå. Han seier han gjer lite freelance-oppdrag, men at han ikkje kunne la vere når det var snakk om ei nettside for heimbyen.

– Florø vil alltid vere heime for meg, og dessutan jobbar eg godt med Barbro og Per Øyvind. Det er kjekt å kunne bidra, fortel han.

Hope trur nok han blir verandre i hovudstaden, men Helle og Furset er ikkje overtydde:

– Tippar han kjem heim til slutt. Vi jobbar med saken, smilar dei lurt.

Artikkeltags