– Til å leve med for handelsstanden

Eldre-reaksjon: – For handelen vil dette gå heilt fint, seier Helle og Furset – men spår at eldre lesarar kan reagere negativt.

Eldre-reaksjon: – For handelen vil dette gå heilt fint, seier Helle og Furset – men spår at eldre lesarar kan reagere negativt.

– For fleirtalet av lesarane er dette ein gevinst. For handelsstanden er det klart til å leve med.

DEL

Slik oppsummerer Barbro Furset og Per Øyvind Helle frå Byen Vår Florø, nyheita om at Firdaposten blir digitalt tyngre på bekostning av ei papiravis i veka: – Vi må vere der lesarane er. Difor satsar vi meir digitalt.

– Folk flest likar jo ikkje endringar. Så nokon vil sikkert brumme, medan andre som meg, som for lengst les mest digitalt, så vil det vere ein fordel. Særleg det at de no er på hogget frå tidleg om morgonen av, tykkjer eg er bra. Då er eg meir skeptisk når det gjeld den delen av dei eldre som ikkje har digitalisert seg. For dei kan det kome ein sorgreaksjon. Kanskje bør Firdaposten tilby nokre store nettsamlingar for å kurse pensjonistar, seier Helle.

Furset er overtydd om at dei to nye avisdagane onsdag og fredag vil fungere bra som lokal annonsekanal for handelsstanden i byen.

– Firdaposten er jo ein utruleg viktig kanal for lokalt næringsdrivande. Tysdag hadde nok blitt litt langt unna helg for annonsørar som skal ut med ein bodskap. Folk gløymer fort, veit du. Men med papiravis onsdag, vil dette gå seg til, spår ho.

Helle ser ikkje bort frå at to fyldige aviser i veka, med mykje innhald, faktisk kan bli ein vel så fristande annonsekanal som dagens utgjevarfrekvens.

Siste tredagarsavis med frekvensendring

Når Firdaposten satsar meir digitalt og går frå tre til to papirutgåver i veka, er det den femte og siste tredagarsavisa i fylket som gjer ei slik endring. Polaris-avisene i Nordfjord, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen gjorde ei slik omlegging for nokre år tilbake. Også den lokaleigde Firda Tidend (Gloppen) kjem ut to gonger i veka på papir.

Håpar på meir lokal meining

Litt mindre papir - men meir journalistikk

Artikkeltags