Bustadsalet blei ikkje korona-ramma i mars

Boligmesse på Slettevollen i november 2019, tett ved Brandsøy skule. Nytt bustadprosjekt i regi av Vestlandsbygg ved Arild Listeth og Rune Ottesen.

Boligmesse på Slettevollen i november 2019, tett ved Brandsøy skule. Nytt bustadprosjekt i regi av Vestlandsbygg ved Arild Listeth og Rune Ottesen. Foto:

BOLIG: Det viser tal frå Boligprodusentenes Forening.

DEL

Tala for 1. kvartal 2020 for Sogn og Fjordane er svært høge og tyder så langt ikkje på at bustadmarknaden lokalt har endra seg mykje: Salet av nye bustader var i mars så høgt at 1. kvartal 2020 ende 30 prosent over same kvartal i fjor; mars-salet låg heile 75 prosent over salet i mars i 2019, melder Boligprodusentenes Forening i ei pressemelding.

Igangsetting av nye bustader i 1. kvartal var derimot 11 prosent ned frå tilsvarande kvartal i fjor, og igangsettinga for mars 2020 hadde ein nedgang på 18 prosent i høve mars 2019.

Ser ein på heile landet under eitt, er bildet annleis: Då gjekk bustadsalet ned med heile 47 prosent – det blei altså nesten halvert i høve mars månad i fjor. « I tillegg veit vi at for kvart bustadsal som blir gjort no, blir ein annan bustadkontrakt kansellert eller bustadbygginga blir utsett. Dette betyr at netto oppdragsinngang for nye bustader er negativ eller tilnærma lik null», skriv foreininga.

Dei ber om at bustadbygging blir brukt som eit bustadpolitisk verkemiddel, slik det blei under finanskrisa i 2008, for å finansiere nye bustader og sikre sysselsetting.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken