Rentehopp og dårlegare bustadprisar

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein kombinasjon av at renta kan bli auka, saman med ein nedgang i sal av bustader og ein lågare salspris, kan gjere 2018 utfordrande for mange.

DEL

I 2018 er det fleire endringar, både i marknadssituasjonen og nasjonal økonomi, som kan påverke personleg økonomi. Her har vi samla nokre. Ei auke i den rekordlåge styringsrenta kan ende med å bli den største utfordringa for mange.

Toler ikkje renteauke

Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 reagerer på at fleire har fått bustadlån dei ikkje klarer å betene med ein renteauke på berre éin prosent. Ifølge ei undersøking av Respons Analyse på vegner av banken, viser det seg at 420.000 nordmenn vil slite når renta skal aukast til neste år. Halvparten av desse seier dei ikkje klarer ei auke i det heile.

– Dette burde vere heile unødvendig. Når ein får bustadlån, vert ein testa i banken til å kunne tole ei auke i renta på inntil 5 prosentpoeng og samstundes klare dei vanlege utgiftene. Når så mange fortel at de ikkje klarar ei lita auke, har ei lagt seg til eit altfor høgt forbruk, seier Gundersen til ANB-NTB

Tre av ti

For det er det som er realiteten i året som kjem: Sentralbanken har informert om at den rekordlåge styringsrenta vi har hatt vl sjå sitt første løft om eit år. Det skal rett nok skje varsamt, men det skjer. Lysare tider for norsk økonomi gjer at Noregs Bank har dratt det enno nærare i tid. Difor seier forbrukarøkonomien at folk må førebu seg.

– Mange har vent seg til det låge rentenivået, slik at alt som er att etter lån og renter går til forbruk. Dette vert ein tøff omstilling.

Over tusen personar deltok i den elektroniske undersøkinga, som vart uført mellom 6. og 13. desember. Av dei med bustadlån, svarte nærare tre av ti at deira økonomi vil tole ei auke i renta på fem prosentpoeng. Medan sju prosent svarte at dei ikkje toler ei auka i renta i det heile.

45 prosent sa at dei toler ei auke på inntil fire prosentpoeng.

Prisfesten på bustad kjem ikkje attende

Samstundes som salet har gått ned, kan SSB samstundes melde at det er ein prisnedgang på bustader på 2,4 prosent frå andre til tredje kvartal i år. Prisen for brukte bustader har til samanlikning gått ned med éin prosent frå andre til tredje kvartal.

I rapporten Økonomiske Analyser frå Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår byrået at bustadprisane får ein nedgang på ein prosent i 2018, litt over 2,5 prosent i 2019 og om lag 1 prosent i 2020. Bakgrunnen bak dette er innstramming kring kreditt, og dei rekordhøge bustadinvesteringane ein såg i 2016 og 2017. Saman med fallande bustadprisar trur dei at investeringane vil flate ut.

Fleire bustader på marknaden

Ifølge ein rapport frå ECON, utarbeida av Samfunnsøkonomisk analyse, skriv at det på landsbasis er 14.785 ny bustader på marknaden, 850 fleire i oktober. Det er samstundes som salet av bustader dalar i heile Norge.

– Overordna ser vi at salet av nye bustader fell over heile landet. Utviklinga er særleg markert i Oslo, medan vi ser det i alle store regionar, sa sjeføkonom Andreas Benedictow i Samfunnsøkonomisk analyse til E24.

Fram til desember 2017 var det selt 14.449 nye bustadar, 30 prosent under fjorårets nivå og 14 prosent under nivået i 2015. Dagens næringsliv skreiv tidlegare i desember at det var 2.104 uselde nye bustader i Oslo, mot 523 uselte nye bustader i desember i 2016.

Rentefrådraget går ned

I 2018 senkast samstundes den alminnelege skattesatsen frå 24 til 23 prosent, noko som verkar inn på alle som har lån. Verdien på skattefrådraga går samstundes ned same storleik når satsen for alminneleg inntekt går ned. Med andre ord, får du i 2018 23 prosent av renteutgiftene i frådrag. Dette er stort til forskjell frå dei 28 prosentane ein fekk i 2013.

Saman med ei auke i renta, vil ein kunne merke det. Lågare frådrag for renteutgifter gjer at ein må vere meir varsam med å ta opp lån.

Oppsida er derimot at ein samstundes får ein lågare skatt på leigeinntekter, frå 24 til 23 prosent, og det same gjer gevinstskatten på bustadsal.

Eigedomsskatten får maksauke

For eigedomsskatten derimot vert den kommunale eigedomsskatten stramma inn i 2018, der ein ser effekten i 2019. Ein innfører at eigedomsskatten berre kan aukast med 1 promille i året av gangen, oppimot 2 promillepoeng i år. Difor vil ein kunne unngå eigedomsskattetrykket i visse kommunar aukar ofseleg frå år til år. Makssatsen for eigedomsskatt på 7 promille står urørt.

Artikkeltags