Burde ha fått fengsel, meinte retten, men mannen slapp med vilkårsdom for å ha late sonen køyre lastebil utan lappen

DOM: I tillegg fekk mannen tretti dagar på vilkår.

DEL

For vel ein månad sidan melde Firdaposten at ein mann i leiarstilling i eit transportfirma måtte møte i retten for å ha late sonen sin køyre lastebilane til bedrifta utan gyldig førarkort mellom august og november 2017.

Denne veka kom dom i saka. Den tiltalte sa seg ikkje skuldig etter tiltalen, som var brot på vegtrafikklova.

Han hevda dels at han ikkje visste at sonen hadde mist lappen, og dels at det var han sjølv som køyrde i ein del av tilfella der sonen stod oppført som sjåfør. Dette var etter at han fekk vite at sonen ikkje lenger hadde sertfikat. Sonen hadde fått dette inndrege allereie eit halvt år forut for perioden som tiltalen gjeldt.

Køyreturane faren hevda det var han som føretok og ikkje sonen, gjekk mellom anna gjennom ein bemanna port, og loggen herifrå viser at det var sonen som var sjåfør.

Retten sa seg samd med påtalemakta i at lovbrotet i utgangspunktet kvalifiserte for fengsel utan vilkår. " Ei slik total neglisjering av vegtrafikklova sitt krav til førarkort over lang tid må ut frå både individual- og allmennpreventive omsyn medføre ein streng reaksjon", skriv retten.

Samstundes er det nesten to og eit halvt år sidan det straffbare forholdet var avslutta, og aktor opplyste at saka hadde ei inaktiv liggetid på eitt år og tre månader. Ein samrøystes rett dømde difor mannen til fengselsstraff på 30 dagar på vilkår, og til å betale 8000 kroner i sakskostnader.

Artikkeltags