Visste du at ein versjon av Sunnfjordbunaden vart til i Florø?

Illustrasjonsfoto. f.v. Elisa Enstad Johannesen, Vanja Enstad, Venke Enstad og Leni Enstad Johannesen.

Illustrasjonsfoto. f.v. Elisa Enstad Johannesen, Vanja Enstad, Venke Enstad og Leni Enstad Johannesen. Foto:

Mang ein hissig diskusjon har komme i gang på stikkordet «bunad». Torsdag er det klart for temakveld om bunaden på Kystmuseet i Florø.

DEL

Kystmuseet i Florø inviterer til temakveld med tittelen «Bunadsliv, og sunnfjordbunaden som vart til i Florø».

Kulturvitar og mangeårig museumsstyrar Gunnhild Systad vil fundere over spørsmål knytt til bunaden, når ho kjem til Kystmuseet torsdag den 9. mai.

Mang ein hissig diskusjon har komme i gang på stikkordet bunad, og no er tida her igjen. I mai er bunad godt avisstoff, helst når sterke utsegner står mot einannan.

Her i Sunnfjord har kategoriske meiningar om rett og gale først og fremst vore knytt til bunaden med grønt liv, «den grøne sunnfjordbunaden», sett opp mot dei rekonstru-erte draktene med svart, blått, raudt eller mørkegrønt liv. Bunads-diskusjonane er kjensleladde og har gjerne preg av forsvarstale for min bunad. Kva kan det vere som knytter kvar enkelt så sterkt til akkurat sin bunad? Og kva er kjenneteikna som gjer at vi kjenner mange ulike variantar att som «sunnfjordbunad»?

Bunaden som etter kvart har vorte kalla Fiskarfagskulebunaden - og som vart til i Florø - har fått sitt i desse meiningsbrytningane. Men kva er eigentleg historien bak denne bunaden?  Og kva har den hatt å seie for bunads-arbeidet i Sunnfjord gjennom snart hundre år? 

Dei bunadsinteresserte av oss vil her kunne få avklaringar, og eit meir kulturhistorisk perspektiv, å ta med oss inn i mai, med alle festdagane der bunadane heilt sikkert kjem opp til diskusjon.

Artikkeltags