Gå til sidens hovedinnhold

Ordførar Giftekniv

Artikkelen er over 5 år gammel

Då kyrkja ikkje ville vie Victoria Midtbø likevel, var ho aldri i tvil om kven som skulle få det ærefulle oppdraget.

Etter kommunereforma kan det bli vanleg at ordførarar som står for viing av ektepar. Å gje ordførarar denne fullmakta er nemleg eit av forslaga til regjeringa i oppgåvemeldinga om framtidas kommunar.

For Victoria og Linda var det Bengt Solheim-Olsen som skulle få den ærefulle oppgåva uansett.

Stilte opp

– Bengt har alltid vore den som har stilt opp for meg etter at eg kom ut av skapet. Viss folk hadde noko stygt å seie, så sa han at det fekk gå gjennom han viss dei hadde meir å komme med. Eg tenkte på han med ein gong kyrkja sa nei, fortel Victoria Midtbø (27).

Florøjenta fann kjærleiken med Linda Knoph (31) frå Halden for to og eit halvt år sidan. Då treftest dei i Florø etter å ha snakka saman på nettet, og dei visste med ein gong at det var dei to og Florø som gjaldt frå no av. Linda hadde nemleg forelska seg like mykje i både ho og Florø, ifølge Victoria.

Kyrkja ombestemte seg

– Vi hadde tenkt å gifte oss i kyrkja, men då hadde jo dei ombestemt seg, seier Victoria.

Etter ekteskapslova hadde nemleg homofile par rett til å gifte seg i kyrkja. Men så bestemte eit knapt fleirtal på Kirkemøtet i fjor at prestane ikkje lenger skulle ha viingsrett for homofile par.

Det er denne retten ordførarane kan få i framtida. I mellomtida kan dei stå for den høgtidlege seremonien der paret seier ja til kvarandre. Også prestar kan i dag velje å tilby ein åndeleg seremoni i kyrkja etter at eit par har blitt formelt via i tinghuset. Med det nye forslaget vil ordførarar kunne stå for «heile pakka», sånn som prestar kan overfor likekjønna par i dag.

Sjølv om Bengt ikkje hadde høyrt om nokon andre ordførarar som hadde gjort det same, sa han ja med ein gong då Victoria spurte han.

"Hugs kyss"

Eit knapt år seinare står dei ved ei solfylt strand i Svaneholm, 20 minutt frå Åmal i Sverige. På kvar side står nære og kjære. Dei har skreve under på det formelle på tinghuset i Førde ei veke tidlegare, men det er no det gjeld. I midten står ein ordførar som i skrekkblanda fryd finn fram manuset han har brukt dagevis på å få heilt riktig. Det måtte nemleg ein del googling til for å finne dei heilt rette orda.

 

– Sidan de no, i vitners nærvær, har lova å leve saman i ekteskap, erklærer eg dokker med dette for å vere rette ektefolk, avsluttar Bengt. "Husk kyss" står det til slutt på notata. Det er jo ikkje akkurat rutine dette, og gjennomføringa er ikkje heilt den same som i bystyret. 

For dei som ikkje vil eller kan gifte seg kyrkjeleg, betyr det at dei kan få ein offentleg person til å bringe litt meir stas til dagen enn ein dommarfullmektig på tinghuset

Bengt Solheim-Olsen om forslaget til regjeringa

Meir stas enn ein dommar

– Bengt klarte seg veldig fint. Eg har aldri høyrt om andre som gjer det same som han, så eg synest det var dristig av han. Eg vart kjempeglad då han sa ja, då fekk eg liksom med meg ein bit av Florø til dagen og, seier Victoria.

Sjølv har Bengt blitt endå meir tilhengar av forslaget til regjeringa etter den store dagen:

– For dei som ikkje vil eller kan gifte seg kyrkjeleg, betyr det at dei kan få ein offentleg person til å bringe litt meir stas til dagen enn ein dommarfullmektig på tinghuset. Det var veldig stas å få lov å gjere det.

Kommentarer til denne saken