Det seier redaktør Svend Arne Vee, etter dei mykje omdiskuterte utsegnene som nådde mikrofonar på Sveum idrettspark laurdag. Utsegnene vekte reaksjonar hos mange og blei eit større samtaleemne enn den viktige bortesigeren for Florø.

– I vår sak hevda vi mellom anna at det fall rasistiske kommentarar frå tribunen, og at desse var høyrbare for sjåarar som følgde kampen på Direktesport. Etter å ha høyrt gjennom opptaka mange gonger, og samanstillt dette med informasjon som Brumunddal Fotball har skaffa til veges, meiner vi at klubben har rett i si tolking av lydsporet. Den unge guten seier "heie på sitt eige land", og ikkje "reise til sitt eige land". Dermed er det heller ikkje snakk om noko rasistisk ytring. Vi ønskjer å leggje all tvil til side i saka, og beklagar at klubben og publikummaren fekk skuld retta mot seg, seier Vee.

Når det gjeld kommentarane som blei ytra inne i pressebua, der spelarar på Florø blei omtalt som «neger» og «polakk som bur i Bergen», så blei dette uttalt av mediepersonell som var på jobb for å dekke fotballkampen.

Dei har inga tilknytning til Brumunddal Fotball.

– Vi har vore i kontakt med lokalmedia om dette, og eg veit dei handterer denne saka på ein god måte. Her er vi fleire som har gjort feil, oss inkludert, men den lokale fotballklubben er ikkje ein av dei, slår Firdaposten-redaktøren fast.