Gå til sidens hovedinnhold

Brukte sju år på å snu familieselskapet – no tener Rolf pengar 

MÅLØY: – Eg har opplevd mykje spennande i dei snart 40 åra eg har jobba i Domstein-selskap, men dette er faktisk det mest interessante eg har vore med på, seier Rolf Domstein, dagleg leiar i Domstein Sjømat AS i Måløy.

I gamle dagar var det Japan og makrell det handla om. Og Russland og sild, Brasil og klippfisk, USA og laks. Farfaren til Rolf Domstein, Rasmus Domstein, etablerte selskapet i 1925 og sonen Knut tok over etter krigen. Selskapet ekspanderte etter kvart med anlegg på Raudeberg, Selje, Kalvåg, Florø og Sverige, og vaks seg til eitt av dei største fiskerikonserna i Europa under Knut Domstein sine tre søner, Rolf, Gunnar og Knut Magne. I 1993 kom det store, nye produksjonsanlegget på Trollebø på fastlandssida, opna av kong Harald V. På det meste sysselsette ein 200 berre her. Og dei bygde om buda til Arnt & Simon Midtgaard til eit stilreint hovudkontor i Måløy. Men auka konkurranse, frå mellom anna Kina på fiskefilet, førte til at tidene gradvis endra seg.

I dag er Domstein Sjømat AS den einaste distributøren som kan levere fersk fisk i eigen regi til kvar minste avkrok i Norge. Selskapet har avdelingar i Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Trondheim og Tromsø, men administrasjonen ligg framleis i Måløy der alt starta.

Men det å få sjå svarte tal på botnlinja igjen, kom ikkje av seg sjølv. Sju år har snuoperasjonen tatt det nær 100 år gamle familieselskapet.

Har vore gjennom store endringar

– Det er mange som spør meg «kva i all verda gjer Domstein på i dag?», seier Rolf Domstein, som er eldst av dei tre brødrene som i dag driv selskapet.

Han forstår godt at mange har eit forhold til Domstein frå «gamle dagar», og ikkje heilt heng med etter alle endringene selskapet har vore gjennom dei siste åra.

– Kort sagt jobbar vi no i den norske marknaden for fersk og frosen fisk, der vi kjøper inn veldig mange forskjellige sjømatprodukt frå eit stort tal norske produsentar, og distribuerer desse produkta til alt frå daglegvarebransjen til sjukehus, forsvaret og Michelin-restaurantar i dei største byane i Norge.

Mottaksanlegga Domstein hadde tidlegare var basert på stor volumproduksjon av enkelte fiskeslag, spesielt sild og makrell. Då var ikkje den norske marknaden så interessant for Domstein.

– Men så gjekk vi inn i selskapet Enghav AS for å få ein kanal inn i den norske og svenske marknaden. Enghav var eit selskap vi aldri fekk kontroll over. Då selskapet til slutt gjekk tomt for pengar og gjekk konkurs, fekk vi ein moglegheit til å ta over selskapet. Det gjorde vi for sju år sidan.

Snuoperasjon

Desse åra har Domstein brukt på å snu selskapet. Og sjølv om Rolf og brørne ikkje var i tvil om at dei ønskte å bygge selskapet opp igjen, legg dei ikkje skjul på at det var harde tak i nokre år der dei mista ein del store, nasjonale kundar og tapte relativt store pengar. Men i 2019 såg dei endeleg riktig farge på tala på botnlinja igjen.

Ifølge Purehelp.no hadde Domstein Sjømat AS i 2019 ei omsetning på 591 millionar kroner og eit driftsresultat på 9,2 millionar kroner. Resultatet før skatt var på nær 5,5 millionar.

– Vi har hatt ein skikkeleg snuoperasjon, som vi har lukkast med. Omsetninga har auka litt kvart år, og i fjor var den for første gang høg nok til at vi tente pengar. Vi fekk eit driftsresultat på i overkant av ni millionar kroner. For oss var det ein viktig milepæl, seier Domstein, og legg til:

– Det som skulle til var at vi klarte å nå det eg kallar kritisk masse, som er den omsetninga du må ha for å dekke kostnadane dine. Den passerte vi i fjor, og vi har hatt ein tilsvarende vekst så langt i 2020. Det går faktisk endå betre i år.

Måtte snu kundeskepsisen

Mange av kundane var imidlertid skeptiske etter Enghav-konkursen, og usikre på om det nyetablerte selskapet Domstein Sjømat kom til å klare seg. Så ein stor del av jobben bestod i å overbevise kundane om det motsette.

– Mange av kundane vi mista har kome tilbake til oss no. Vi bytta namn til Domstein Sjømat AS, og det å ha med seg Domstein si nesten hundreårige historie har berre vore positivt. Likevel har vi måtta bevise overfor mange kundar at vi gjer ein god jobb.

Han og brørne har brukt mykje pengar på snuoperasjonen, og Domstein fortel at det har vore stilt spørsmål ved om dette var ein fornuftig satsing.

– Men vi har alltid hatt trua på dette, fordi vi er det einaste selskapet i Norge som leverer fersk fisk over heile landet heilt i eigen regi, seier Domstein og legg til:

– Ein del av årsaka til at vi har så god utvikling er at vår største kunde, daglegvarekjeda Coop Mega, har satsa endå meir på oss, og late oss få lov til å bevise at vi held det vi lovar. Vi har hatt ei fantastisk utvikling i 2020, der vi har fått mange nye kundar.

Sjølv trivst den daglege leiaren som sjømatleverandør.

– Ja, det må eg berre innrømme at eg gjer. I tillegg til at eg er opptatt av fisk, er eg opptatt av mat. Så det er veldig artig for meg personleg å få jobbe med denne marknaden.

Mange bein å stå på

Halvparten av kundane til Domstein Sjømat AS er hotell, restaurantar, kantiner og offentlege institusjonar. Og det har vist seg at det er viktig å ha mange bein å stå på, ikkje minst i den mest intense korona-perioden der veldig hotell og restaurant stengte ned i månader.

– Det som er interessant er at vi i same periode har hatt ein vekst i daglegvaremarknaden som har kompensert for dette bortfallet. Det viser seg at folk som er vane med å ete på restaurant også vil ha skikkeleg mat når dei må lage maten sjølve, heime på kjøkkenet, seier Domstein, og fortel at selskapet sett auka sal av typisk restaurantmat som skaldyr, også i daglegvarebutikkane.

Kommentarer til denne saken