Her kan det bli parkering forbode når det snør

Brøyting.

Brøyting. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Flora kommune og Statens vegvesen har bestemt at det på kort varsel kan bli parkering forbode i ei rekke gater i bustadtette område i Florø.

DEL

Flora kommune varslar no om at det i fleire bustadfelt i Florø vil bli parkering forbode når det er vinterdrift.

Det vil seie ved behov, når det skal brøytast, ryddast for is og snø, strøast eller saltast.

Det vil på kort varsel komme opp skilt i dei aktuelle områda, og parkering forbode gjeld når skiltet er avdekka.

- Det er bilførar sitt ansvar å følge med på eventuell ny skilting, og å fjerne køyretøyet for å overhalde parkering forbode i desse periodane, melder Flora kommune på si heimeside.

Vedtaket om parkering forbode er gjort i samarbeid med Statens vegvesen, og gjeld i perioden frå 7. desember til 31. mars.

Det gjeld følgjande vegar:

Prof. Indrebøvegen - Elias Melværgata - Gaddevegen -

Gaddevåggata - Kleiva - Krokavegen

Skipardalen - Bjørnestien - Sandåkervegen -

Furuholtvegen - Dalvegen - Nic. Astrupvegen

(Saka held fram under annonsen)

Åsheimvegen - Vågavegen - Nyborgvegen 

Vestnesvegen - Lyngvegen  - Solhaugvegen

Brendøyvegen - Professor Gjelsvikvegen - E.M. Holevegen 

Selhaugvegen - Furuhaugane - Botnavegen 

Håmansvegen - Bergmovegen - Stien

Andre vegar kan komme til ved behov, om det er større snømengder eller liknande, presiserer Statens vegvesen i sitt vedtak.

Artikkeltags