Brøytebudsjettet i Kinn måtte opnast likevel

UTE I NATT: Denne snøfattige vinteren har hatt iallefall eit positivt utslag. Kinn kommune sitt brøyebudsjett har ikkje vore råka. Men den nest siste dagen i den siste vintermånaden måtte brøyten fram likevel.

UTE I NATT: Denne snøfattige vinteren har hatt iallefall eit positivt utslag. Kinn kommune sitt brøyebudsjett har ikkje vore råka. Men den nest siste dagen i den siste vintermånaden måtte brøyten fram likevel. Foto:

I natt var det klart, brøytebudsjettet i Kinn kommune måtte opnast for første gong denne vinteren.

DEL

Ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen vakna fredags morgon av at det draup frå takrenna. Så snøen som la seg i natt vil truleg ikkje bli liggande langt utover i mars. Men i det vi skriv den nest siste dagen i februar så var det klart at 2019–2020 vinteren ikkje ville bli den første utan at brøytebudsjettet skulle bli nytta. For i natt har det vore naudsynt med å få brøyta unna snøen som har lagt seg på alle dei kommunale vegane i Kinn kommune.

For du og eg betyr det at snøskuffer og spader må ryddast fram for å fjerne brøytekantane brøytebilen har lagt inn på tunet ditt. Det vil truleg bli prat om korsrygg-smerter kring lunsjborda på arbeidsplassane i kommunen i dag.

Ola Teigen kunne ikkje opplyse i detalj om brøytebudsjettet, men måtte vedgå han hadde gjort seg sine tankar om pengar spart på den snøfattige vinteren.

– Det er første gang i 2020 at det bli brøyta i Florø. Vi har strødd, men eg meiner det er første gong i 2020 at kommunen har måtte brøyte vegane, seier Teigen.

No viser det seg at det har vore brøytt i dei indre delane av Kinn tidlegare i vinter.

– Veit du kor mykje som er spart i brøyteutgifter på grunn av den milde vinteren?

– Nei, desse postane i budsjettet har eg ikkje full oversikt over, men eg må vedgå at eg har gjort mine tankar om at mindre behov for brøyting er pengar spart som kan nyttast på meir vedlikehald på vegane, fortel Teigen.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken