Lønnsoppgjeret for norsk sokkel går til mekling etter at det vart brot i forhandlingane onsdag kveld, opplyser partane.

Første nestleiar Lill-Heidi Bakkerud i Industri Energi seier dei ikkje kunne akseptere krava frå arbeidsgivarsida. Dermed vart forhandlingane med Norsk olje og gass avslutta. Også Safe og leiarane forhandla med Norsk olje og gass fram til brotet.

– Det har vore krevjande forhandlingar fordi forventningane fagforbunda har til årets oppgjer er store. Likevel hadde vi tru på å komme i mål gjennom forhandlingane, seier forhandlingsleiar Elisabeth Brattebø Fenne i Norsk olje og gass.

Det er førebels ikkje sett nokon dato for meklinga, opplyser partane.

Rundt 7.300 tilsette er omfatta av sokkelavtalane som det vart forhandla om, opplyser Norsk olje og gass. Vel 4.300 av desse er medlemmer i Industri Energi.

(©NPK)