Gå til sidens hovedinnhold

Britane set nye importreglar på vent: - No får sjømatnæringa vår betre tid på å tilpasse seg Brexit

Britiske styremakter har utsett nye krav til veterinærkontrollar, grensekontrollar og helsesertifikat når det gjeld import av sjømat. Det er godt nytt for ei av Norges viktigaste eksportnæringar.

Tysdag kom det melding til Nærings- og fiskeridepartementet om utsetjing av fleire nye importtiltak som kjem som ein konsekvens av britane si utmelding av EU.

Det vil gi norsk sjømatnæring betre tid på å tilpasse seg at ein av dei viktigaste handelspartnarane våre på fisk ikkje lenger ein ein del av EU sin indre marknad.

Flyttast inn i 2022

– Storbritannia si utmelding av EU vil føre til meir omfattande importkrav for den norske sjømateksporten, og det er viktig at vi finn gode løysingar slik at krava i så liten grad som mogleg blir til hinder for eksporten. Sjølv om vi var budde på at helsesertifikat skulle innførast frå 1. oktober, er eg glad for at Storbritannia no vel å utsette fram til et betre system er på plass, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Det er omsynet til næringslivet, behov for meir dialog med EU og andre land sine styremakter og forsinkelsar som følgje av pandemien som er årsaka til utsetjinga.

Viktig marknad

Dei nye importkrava, som var planlagt innført frå 1. oktober 2021, vil fasast inn i løpet av første halvår 2022. Frå og med 1. juli 2022 må produkt av animalsk opphav som blir importert til Storbritannia, inkludert norsk sjømat, gjennomgå full veterinærkontroll på grensa og helsesertifikat skal utformast av Mattilsynet ved eksport.

Storbritannia er den det tredje største marknaden for norsk sjømat målt etter volum og den femte største målt etter verdi. I 2020 blei det eksportert 147.000 tonn sjømat til Storbritannia til ein verdi av 6,2 milliardar kroner.

Kommentarer til denne saken