Bristow har vore ein partnar for Equinor i meir ein 20 år. Sidan 2017 har dei også samarbeidd med Neptune og Shell om å fly mannskap til og frå installasjonane på den norske kontinentalsokkelen.

Kontrakten med dei tre selskapa strakk seg i utgangspunktet ut april 2022, men no er det klart at Bristow skal halde fram med flygingar frå Bergen og Florø, ut i Nordsjøen til og med april 2024.

Det ligg også inne ein opsjon til å forlenge kontrakten også utover den perioden.

Equinor har forlenga kontrakten med Bristow ved basen i Bergen med to år, til april 2024, med moglegheit for å forlenge kontrakten i to gonger eitt år.

Det same gjeld for Florø. Der har Equinor, Shell og Neptune Energy forlenga kontrakten ved helikopterbasen i Florø med to år, til april 2024, med ein opsjon om å forlenge i to gonger eitt år.

Forlenginga av kontrakten gjeld mannskapsbyteoperasjonar til operatørane sine felt og plattformer i Nordsjøen, ut ifrå Bergen og Florø.