Ny veke, nytt lokale, nytt utstyr, ny episode, ingen gjester og ny time med breddefotballsnakk for spesielt interesserte.

I dagens episode er Kristian og Benjamin enno meir navlebeskuande enn vanleg, og fortel om sine rike og innhaldsrike fotballkarrierar.

Laget som står i fokus denne gang, er ingen ringare enn Høyang 2. Her blir det historier om både nedskalling av barn og mentale samanbrot i møte med den eldre garde.

Det blir også, som alltid, dedikert eit par minutt til snakk om stoda i Florø fotball.

I tillegg til dette, blir det også servert ei rørande historie om korleis ein brettspelkveld snudde livet fullstendig på hovudet for to svorne fiendar.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episoder, både av Tempopodden, og podcastane til Firdaposten. Eller du kan høyre den akkurat her: