Her bergar Anders det eine poenget

Anders Midthjell sette inns traffe for Bremanger og berga eit poeng.

Anders Midthjell sette inns traffe for Bremanger og berga eit poeng. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Anders Midthjell sette inn 1-1 på straffe og vart kåra til banens beste av publikum.

DEL

Bremanger - Vik-. 4.divisjon. 1-1 (1-1).

Om det var eit rett val av dagens bestemann kan diskuterast, sidan Bremanger hadde i overflod  med sjansar til å avgjere kampen. Spissmakker Martin Klakegg Hauge hadde i alle fall ikkje dagen,  då han åleine med keeper sette ballen utafor stengene i det 44. minuttet.

Det var vikjene som kom best i gong då Jarle Christensen stanga ei flott heading ned i hjørnet etter 14. minutt. Bremanger pressa på, men avslutningane vart for puslete. I det 36. minuttet vart Klakegg Hauge felt innafor 16.meterstreken. Det var store protestar frå vikjene, som meinte fellinga skjedde på streken eller utanfor.

Anders Midthjell sette straffa kontrollert heilt nede ved stolperota. Keeper Hovland låg i full strekk den rette vegen, men skotet var for hardt og velplassert.  

Spissduoen Anders Midthjell og Martin Klakegg Hauge og dei andre greidde aldri å overliste Vik-keeper Hovland med spelemål.

Spissduoen Anders Midthjell og Martin Klakegg Hauge og dei andre greidde aldri å overliste Vik-keeper Hovland med spelemål. Foto:

Bremanger starta fint med å komme rundt på sidene i 2. omgang, men slapp også Vik til med sjansar som lett kunne gitt uttelling.

Summa summarum vart det eit sjansesløseri for Bremanger i andre omgang med alt for tafatte avslutningar. Vik-keeper Stig Roar Hovland berga sogneskinnet med fabelaktige redningar. Vik kom til Svelgen med ein slunken reservebenk og hadde all grunn til å vere nøgde med resultatet. Det kunne til og med hende at dei kunne reist heim med alle poenga. Då kunne vi kanskje plukka fram ordet ran, men slik gjekk det ikkje.  

Bremanger :

Kenneth Fosse Elde, keeper. Forsvar: Martin Senneset, Martin Svarstad, Håvard Mjølkeråen, Vidar Senneset.

Midtbane. Simen Svarstad (Øystein Vågene Helle etter 76.min) , Eirik Rylandsholm (Monday Solo etter 89.minutt) , Tore Rylandsholm, Håvard Nødseth Rosø.

Angrep: Martin Klakegg Hauge, og Anders Midthjell.

Dommartrioen kom greitt frå oppgåva på Svelgen Stadion.

Artikkeltags