I følgje Snorre-soga klatra vikingkongen Olav Tryggvason opp den bratte austveggen på sjøkllippa som på den tid var kalla Smalsarhorn. Olav Tryggvason (konge frå år 995-1000) var kjent som ein stor krigar og sprek idrettsmann og er rekna som ein av dei store heltekongane.
VisitFjordkysten har fått Hornelen, Nord-Europas høgast sjøklippe, undersøkt av geolog med tanke på å etablere ei klatrerute til toppen på 860 meters høgd.
– No har eg ikkje fått den endelege rapporten frå geologen, men dei førebelse tilbakemeldingane er at det ser bra ut. seier Wenny Irene Hansen til NRK.
Ho er dagleg leiar i Visit FjordKysten AS.
Trenden i reiselivsmarknaden er at gjestane vil vere i fysisk aktivietet og få med seg opplevingar i bagasjen heim.
Ei medlemsbedrift i FjordKysten, Knutholmen, fekk nyleg ei stor utmerking i ei europeisk kåring som det mest opplevings- og aktivitetsrike hotellet blant historiske hotell i Europa.
Les artikkel:
Via Ferrata- er eit italiensk ord som tyder "jernvegen" og er ein klatresti der ein kan sikre seg med wire for ikkje å falle ned. Ein kan helde seg i jernstag eller klatre i trinn som er bora inn i fjellet.