Forlik stranda, no blir det endå ei Terra-rettsak

SKAPTE TERRA-HÅP: Advokat Ulf Larsen

SKAPTE TERRA-HÅP: Advokat Ulf Larsen Foto:

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Forhandlingane med Terra Securities sitt andre forsikringsselskap, AIG, har stranda og partane skal no møtast i retten i januar.

Kravet til Terra-kommunane er kring 80 millionar og Bremanger sin del var rekna til 15 millionar ved eit forlik. I tillegg er konkursbuet etter Terra-selskapet ikkje ordna ut med enno og der kan det ligg kring 20-25 millionar kroner til Bremanger kommune.

Totalt kan det komme inn nye 36-41 millionar til Bremanger kommune i kjølvatnet av saka. Men det tek lang tid. Rettsaka mot forsikringselskapet ACE enda til slutt i Høgsterett.

LES :

Måtte doble eigedomsskatten

– Kommunane har bestemt seg for å saksøkja AIG med krav om dekning i den forsikringa som Terra Securities hadde i AIG, og denne gongen gjeld det leiinga i Terra Securities sitt eventuelle erstatningsansvar, seier advokat Ulf Larsen, til NRK. 

AIG hadde forsikra Terra-leiinga sitt ansvar for eventuelle aktlause handlingar. Terra-kommunane hevdar at leiinga har svikta når dei ikkje avverga at dei avanserte finansielle produkta blei selde til kommunane.

I fjor avviste Høgsterett forsikringsselskapet ACE sin anke om å punge ut eit tilsvarande stort beløp , 90 millionar totalt, til Terra-kommunane.

Saka mot AIG er veldig lik saka mot ACE, så ein har tru på at utfallet i rettsystemet kan bli det same denne gongen. 

Terra-kommunane fekk tidlegare eit forlik med DNB om å betale inn berre halvparten av kravet, men i fjor gav Høgsterett svært overraskande Danske Bank medhald i at dei spekulative derivatavtalen var gyldige. Bremanger slit derfor no med å betale Danske Bank 130 millionar kroner i løpet av dei neste åra.

Fekk endeleg nei i Høgsterett

Artikkeltags