NVE har gjeve løyve til 50 MW vindkraft på Marafjellet.
Anleggskonsesjonen som NVE ga i oktober 2014 er no utvida frå 35 til 50 MW.
I praksis inneber dette moglegheit til å bygge tre fleire vindturbinar innanfor same planområdet som alt har fått konsesjon. Samla energiproduksjon frå dei 14 vindturbinane er berekna til 140 mill kWh per år.
- Ei slik optimalisering er viktig for å styrke lønsemda i prosjektet, fortel Stig Svalheim som er administrerande direktør i Vestavind Kraft.
Han fortel at låge kraftprisar gjer at dei må snu kvar ein stein for å optimalisere lønsemda i prosjekta.
– Det er ein fantastisk god vindressurs i Bremanger, og absolutt realistisk å få utnytta denne til verdiskapande industriaktivitet, legg ein optimistisk Svalheim til.
Han opplyser at dei no fortset arbeidet med å detaljplanlegge prosjektet og skaffe finansieringskapital, med mål om å ha anlegget i drift i 2018.
LES OGSÅ:
Kommentarer til denne saken