Elevane på dette bildet er Visagan Grirtharan, Marie Igland, Julia Kamminga, Kristoffer Rise Kvellestad, Frøydis Årøen og Guro Elde-Damstuen. Her ser vi ein av modellane som blei presentert for SFE til korleis bruk og vern kan kombinerast.

Elevane på dette bildet er Visagan Grirtharan, Marie Igland, Julia Kamminga, Kristoffer Rise Kvellestad, Frøydis Årøen og Guro Elde-Damstuen. Her ser vi ein av modellane som blei presentert for SFE til korleis bruk og vern kan kombinerast. Foto:

Løyste "konsulentoppdrag" med glans

Oppdraget var å kartlegge naturområdet ved Storelva på Indrehus og samle kunnskap og dokumentasjon til å søke om bygging av eit kraftverk.
Arve Solbakken
Publisert
DEL
Oppdraget var å kartlegge naturområdet ved Storelva på Indrehus og samle kunnskap og dokumentasjon til å søke om bygging av eit kraftverk.

Lektor2-prosjekt på Svelgen skuleUtgangspunktet for dei 25 elevane i 8. klasse ved Svelgen oppvekst var eit fiktivt oppdrag frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) . Onsdag morgon var det "eksamen" då arbeidsgruppene presenterte arbeidet sitt for SFE sin kommunikasjonsrådgjevar Jannicke Lindvik, vassdragsteknisk ansvarleg Per Helge Eikeland og fagleiar miljø, Ragna Flatla Haugland, i SFE.

Ståkarakter

– Gruppene har jobba på ulike måtar og hadde spennande presentasjonar. Eg gir ståkarakter til alle i hop. Det er veldig bra korleis de har tenkt å utnytte trea som må fellast til å bygge opp benker og anna i eit parkområde, sa Ragna Flatla Haugland til klassen etter presentasjonane.

Her får klassen ein presentasjon av den kartlagde floraen ved Storelva på Indrehus.

Her får klassen ein presentasjon av den kartlagde floraen ved Storelva på Indrehus. Foto:

SFE bad om ei vurdering av korleis ein kunne utforme ei kraftverksutbygging i Storelva, som ikkje har status som verna vassdrag, men ligg i eit natur og friluftsområde. Firmaet Fjellkraft AS søkte om utbygging her i 2012, men fekk nei frå styresmaktene.

SFE bad i denne Lektor2-oppgåva elevane om å få kartlagt naturen i området der røyrgata kan bli lagt, å samle høyringsuttaler frå ulike interessegrupper og intervjue minst tre personar for å få fram ulike syn på ei eventuell utbygging. Ikkje minst ønskte SFE forslag til berekraftig bruk av naturen etter utbygging og å få laga skisser eller teikningar av korleis området best kan utnyttast til fritidsføremål.

Feltarbeid

Førre veke var klassen på feltarbeid ved Storelva med Per Helge Eikeland som vegvisar. Der blei jordsmonn, plantar og dyr kartlagt og systematisert. Her måtte ein hente inn kunnskap frå store realfag-område som zoologi, botanikk, biologi og økologi.  

Kva er Lektor2?

Lektor2-ordninga er ei nasjonal realfagsatsing med støtte frå Kunnskapsdepartementet.

Gjennom tettare samarbeid mellom skule og arbeidsliv skal Lektor2-ordninga bidra til å styrke:

  • Interesse og motivasjon for realfag
  • Auke læringsutbyttet
  • Auke rekrutteringa til realfag
  • Auke skulen sin kunnskap om og kompetanse i samarbeid med arbeidslivet

For å nå måla, tilbyr Lektor2 kompetanseutvikling og økonomisk støtte til ungdomsskular og videregåande skular som ønsker å involvere fagpersonar frå arbeidslivet til å samarbeide om eit læreplanretta undervisningsopplegg i realfag.

Særskilt gruppa som kartla alle plantane,  gjekk grundig til verks og presenterte lange tabellar med planteartar i området. Men det var ein dryg, komplisert og utfordrande jobb.

– Eg lærte i alle fall at det finst 15.000 artar bregner i Norge, konstaterer elev Kristoffer Rise Kvellestad tørt.

– Det var artig å sjå kor ivrige dei vart etter å finne namn på plantane etter kvart som det dukka opp nye, seier lærar Gro Myklebust.

– Eg valde å satse på SFE til Lektor2-prosjektet,  fordi dei har folk som er vande med å jobbe inn mot skulane. Det gjekk veldig bra, understrekar ho. 

Bruk og vern

Ein raud tråd i det elevane presenterte var tanken om at bruk og vern bør gå hand i hand. Viss utbygginga skulle bli ein realitet, ønsker dei at skogen som blir felt blir brukt til å bygge bord, benker og andre nyttige installasjonar i ein naturpark. Det skal vere biotoalett og bruk av berre miljøvennlege materialar. Samstundes meiner elevane at ein må legge til rette for familiekos og kjekke aktivitetetar med å ha bålpanne og løypestrengar (zipline) der ein kan få seg ein herleg adrenalin-dose ved å suse gjennom skogen.

Då vi spør klassen om delar av den fine naturen her skal brukast til ei kraftutbygging, er meiningane heilt klart delte. Nokon meiner ein må tenke på å bevare sjøaurebestanden i Storelva og andre at dei ikkje har lyst at den fine naturen blir øydelagt for alle plantane og dyra som lever der. Andre meiner utbygginga kan gjerast på ein fin måte. Summa summarum så er dei som folk flest.

Julia Kamminga drøymer om å bli veterinær og jobbe med dyr.

– Det var veldig spennande å lære om naturen og sjeldne plantar og dyr. Det er kjempeviktig å ta vare på naturen, understrekar ho.

Elevane synest det var ein kjekk bonus å få komme seg ut av klasserommet og i aktivitet med feltarbeid. Og ikkje minst, det var god trening i noko som vil garantert vil møte elevane vidare både som studentar og i arbeidslivet.

– Det er veldig viktig å trene på å presentere ting for andre, påpeika Frøydis Årøen.

På tilhøyrarbenken sat Ragna F. Haugland og Jannicke LIndvik og Per Helge Eikeland, SFE.

På tilhøyrarbenken sat Ragna F. Haugland og Jannicke LIndvik og Per Helge Eikeland, SFE. Foto:

Ny måte å jobbe på

For dei som jobbar i SFE var Lektor2-prosjektet i Svelgen ei nyttig erfaring.

–  Vanlegvis så møter vi ungdom på innovasjons-campar og liknande. Dette er ein ny måte å formidle vårt arbeid med å utvikle fornybar energi. Bygging av vasskraftverk, er også inngrep i naturen, men produksjonen av energi i etterkant er tilnærma utsleppsfri. Dette gjekk veldig bra og her i denne gjengen er det mange gode komande miljørådgjevarar for oss i SFE, smiler kommunikasjonsrådgjevar Jannicke Lindvik.

Til slutt vanka det is på klassen- finansert med midlar skapt av fornybar energi.  

Artikkeltags