Skjerpa etter tung sesongstart

MOTGANG: Årets sesong har så langt vore tung for BIL, som rykte opp etter jubelsesongen i 5. divisjon i fjor.

MOTGANG: Årets sesong har så langt vore tung for BIL, som rykte opp etter jubelsesongen i 5. divisjon i fjor.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Laurdag spelar Bremanger heime mot Vik etter to tap så langt i årets sesong.

DEL

Første kamp enda 0-2 borte mot Skavøypoll, medan det blei 0-7 baklengs mot Høyanger på Svelgen stadion sist.

- Vi reknar med det blir ein tøff heimekamp mot Vik, som har hatt gode resultat i dei første kampane. Vi tenkjer ikkje så mykje på kven vi møter, vi må forbedre oss mange hakk for å ta poeng uansett. Vi har smårusk i troppen - fem mann er utilgjengeleg på laget denne helga. Vi håpar at dei som har slite med småskader er klar til denne helga, seier Morten Ferstad, som er i trenaduoen saman med Tore Rylandsholm.

Kampen på Svelgen stadion sist helg var prega av mykje personlege feil og lite duellkraft. Med litt justeringar kan ballen kanskje trille Bremanger sin veg denne laurdagen.

Artikkeltags