Bjørn Henry Martinussen (Bremanger kommune), Staffan Hjolhman (Vassområde Nordfjord, Sogn og Fjordane Fylkeskommune), Miljørådgjevar i SFE Vegard Fagleri og Eyvin Sølsnes (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane). Eit av tiltaka har vore å leggje ut større stein i elva. Bornteelva.
Sfe

Inviterer villfisken tilbake til elva

– Bortneelva er eit lite vassdrag der vi trur vi kan få til å bygge opp att ein bestand av laks og sjøaure.
Publisert

Det seier miljørådgjevar i SFE, Vegard Fagerli.

Det er naturen sjølv som betaler prisen for produksjon av såkalla rein energi- vasskraft. I Bortneelva forsyner SFE-selskapet Svelgen Kraft seg med sju prosent av vassmengdene, som blir ført over til Svelgen-sida av fjellet og brukt i kraftstasjonen Svelgen 1- som ligg inn på verksområdet til Elkem Bremanger. Nettopp dette at ein regulerer berre sju prosent av vatnet i vassdraget- gir gode odds for å lykkast.

Miljørådgjevar i SFE Vegar Fagerli viser ein del av elva der dei har lagt ut sokalla «kålhodestein» i klynger, for å lage gøymeplassar for fisken. Bortne-elva.

Miljørådgjevar i SFE Vegar Fagerli viser ein del av elva der dei har lagt ut sokalla «kålhodestein» i klynger, for å lage gøymeplassar for fisken. Bortne-elva. Foto:

– Vi kan få god nytte av tiltak til ein relativt låg kostnad, forklarer Fagerli.

Miljøtiltak

Torsdag 16. mars vart det arrangert synfaring i Bortneelva i Bremanger for å syne miljøtiltaka som har vore gjort av Svelgen Kraft. Prosjektet har som mål å betre dei naturlege oppvekst- og levevilkåra for laks og sjøaure og det er gjort tiltak kring to kilometer oppover vassdraget.

På synfaringa deltok Staffan Hjolhman (Vassområde Nordfjord og Sogn og Fjordane Fylkeskommune), Bjørn Henry Marthinussen (Bremanger kommune), Eyvin Sølsnes (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Edvard Hartvigsen (Bortnen Elveeigarlag), Svein Arne Vågane (NVE) og Rune Nordal (En3prenør1). Tiltaka har vore gjennomført haust 2016/vinter 2017.

Prosjekt Bortneelva

  •  Svelgen Kraft nyttar om lag 7% av vatnet som naturleg renn ut i Bortneelva, til kraftproduksjon i kraftverket Svelgen 1, på andre sida av fjellet.
  • Miljøtiltaka er sett i verk for å redusere effekten dette har på fisken i Bortneelva.
  • Prosjektet er gjennomført etter initiativ og i regi av SFE, leia av miljørådgjevar Vegard Fagerli.
  • Prosjektet har vore gjort i samarbeid med Statens Vegvesen, Nordfjord Vassområde/Bremanger kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si miljøvernavdeling.

    Desse gir håp om meir liv i vassdraget. Filma av Vegard Fagerli.

    Gøymestader

    – Vi har fjerna to vandringshinder i elva for å gje fisken tilgang på gyte- og oppvekstområde som før var vanskeleg tilgjengeleg. Vi har flytta stein med gravemaskin for å betre vandringsmoglegheiter for fisken. Vi har enkelte plassar flytta vasstraumen for å konsentrere vatnet, slik at det vert enklare for fisken å vandre opp i elva. Dette er ein måte å betre fisken sine levekår også når vassføringa er låg. Andre stadar har vi plassert større stein og klynger av stein for skape område der fisken kan skjule seg. Fisken er avhengig av slike gøymestadar for å trivast i elvane, forklarer Fagerli.

    Vasskraftproduksjonen til SFE påverkar mange elvar, vatn og vassdrag, men ikkje så veldig mange vassdrag der bestandar av lakse og sjøaure blir påverka.

    - Mange av elvane som blir brukt til vasskraft ligg høgt og er bratte. I området rundt Svelgen har vi i tillegg til Bortneelva, Riseelva i Svelgen, Førde-elva i Ålfoten, elva på Indrehus i Midtgulen og sjølvsagt Osenvassdraget, fortel Fagerli.

    Etter tiltak i elvar vil kraftselskapet syte for årlege gyteteljingar og i tillegg sjekke om dei fysiske tiltaka som er gjort er intakte.

    Laksetrapp i Bortneelva- laga i regi av SFE.

    Laksetrapp i Bortneelva- laga i regi av SFE. Foto:

    Bortneelva er eiit relativt lite vassdrag med nedbørsfelt på 24,4 kvadratkilometer som munnar ut i Bortnepollen. I 2016 var det ei rømming av laks frå K. Strømmen Lakseoppdrett sitt anlegg på Løypingsneset, drygt åtte km frå elveosen. Men det vart ikkje funne nokon oppdrettslaks som hadde gått opp i vassdraget. Det er lenge sidan elva har hatt noko vesentleg bestand av fisk.

    Lite fisk registrert

    Den offisielle fangststatistikken for vassdraget er truleg mangelfull, då det berre er registrert fangst av tre laks og ein sjøaure totalt for alle år der data er oppgitt. Ungfiskundersøkingar i 2002 (Gladsø & Hylland 2002) og 2007 (Kålås & Overvoll 2007) viste at det er både laks og sjøaure i Bortneelva.

    Bortneelva- tiltak for å betre tilgang for fisk. Grupper av «kålhodestein» er plassert ut i elva.

    Bortneelva- tiltak for å betre tilgang for fisk. Grupper av «kålhodestein» er plassert ut i elva. Foto:

    På synfaring var grunneigar Edvar Hartvigsen med på vegner av Bortnen Elveeigarlag:

    – Vi i elvegiarlaget ser positivt på det vi har fått til i lag i denne elva og håpar at vi no får sjå meir fisk i elva i tida som kjem.

    For låg vassføring

    Men det er lite truleg at Bortneelva har vore noko veldig fiskerik elv.

    John Anton Gladsø er eksperten på fiskeforvaltning i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen:

    – Dette er typisk desse mindre elvane på Vestlandet. Det er for lita vassføring året gjennom til at fisken kan vere der lenge. Gytefisken går opp i elva og vandrar ut igjen. Men når ein no har fått laga litt betre forhold i elva så kan ein håpe på at det i framtida kan bli ein naturleg produksjon som ein på sikt kan hauste av. Ei regulering av elva på berre sju prosent har truleg ikkje hatt nokon dramatisk effekt på elva. Det er mange faktorar, som til dømes auke i mengda lakselus, som har påverka villfiskbestanden i negativ retning.  

    Kart som viser kor Bortneelva ligg i forhold til Svelgen.

    Kart som viser kor Bortneelva ligg i forhold til Svelgen. Foto:

    Artikkeltags