Kan bli pengelens til sommaren

Audun Åge Røys og formannskapet i Bremanger samla i Kalvåg til samtalar om kommunesamanslåing.

Audun Åge Røys og formannskapet i Bremanger samla i Kalvåg til samtalar om kommunesamanslåing. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkesmannen si manglande godkjenning av budsjettet i Bremanger, kan føre til pengemangel til drifta til sommaren.

DEL

Bremanger fekk 10 år på seg til å betale ned Terra-gjelda, men har søkt om å få utvide til 13 år sidan tapet i løpet av åra har auka med kring 80 millionar kroner. Det skriv seg frå dei risikofylte derivat-avtalane med Danske Bank. 

Fylkesmann Anne Karin Hamre seier til NRK at av omsyn til innbyggarane og lovpålagde tenester, har ho bedt Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdere om dei bør få forlenge fristen. Ho viser til at det er lovpålagt med 10 år.

Fylkesmannen vil gje Bremanger ei hjelpande hand no, men er kritisk til at kommunen, samanlikna med andre Terra-råka kommunar,  ikkje har teke grep for å skaffe seg meir inntekter. Ssom til dømes ved å innføre eigedomsskatt.

LES OGSÅ:

Ordførar Audun Åge Røys seier dette: 

– Ho har rett i at vi ikkje har gjort nok på det området. Det som har skjedd er at vi har brukt veldig lang tid på å innføre ein skatt vi har vore veldig i mot, forklarer han.

Vedtaket om eigedomsskatt vart gjort i 2010, men blir først innført i år.

Grunna manglande godkjenning av rekneskapen, får ikkje Bremanger ta opp lån for å fullfinansiere det nye omsorgssenteret i Svelgen. Derfor har dei brukt av investeringsmidlane frå Svelgen 2-salet. Men dei har også andre investeringar som skal gjennomførast og treng difor å låne til fullføring av omsorgssenteret, for å få løyst ut tilskotet frå Husbanken.

Til sommaren kan Bremanger i verste falll gå tom for kontantar, noko som kan gå ut over drifta og lønsutbetalingar.
Men det er håp i hengande snøre; no i februar skal dei møte Danske Bank i Høgsterett. Ein siger i retten kan hjelpe kommunen ut av Terra-knipa.

Artikkeltags