Leverer ny energiforsyning i Svelgen

OLE HAMRE (FREMST) OG
GABRIEL FLIFLET, TREKKSPEL
MUSIKARAR OG MOROMENN FRÅ BERGEN, UNDERHELDT PÅ "FRU OLSEN", PUB I FLORØ.

OLE HAMRE (FREMST) OG GABRIEL FLIFLET, TREKKSPEL MUSIKARAR OG MOROMENN FRÅ BERGEN, UNDERHELDT PÅ "FRU OLSEN", PUB I FLORØ. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fliflet/Hamres energiforsyng skal laurdag sørge for å få bremangerane ut av vinterdvalen.

DEL

Musikk-Kafé og kulturkontoret har hyra inn den elektrisk ladde musikarduoen frå Bergen til eit nytt besøk.  Denne gongen 10. mars på Bremanger Fjordhotell i Svelgen.

– Fliflet/Hamre leverer alltid, forsikrar Norvall Klungresæter i Musikk Kafé.

Bergensduoen blandar musikalsk hummar og kanari med den største sjølvfølge. I spedd ein solid dose humor blir det alltid ei hyggestund for gamle Fliflet/Hamre-venner og ei aha-oppleving for eventuelle nye publikummarar.

Dei er kjende for å dundre ut rå balkantonar mellom vare nordiske mollperler og jødisk klezmer med ettertanke. Det er overhengande fare for allsong på Ivar Aasen-mål og rytmisk radbrekking i serbisk ni-takt av Harald Sæveruds verk.

Gabriel Fliflet (trekkspel,  sang) og Ole Hamre (trommer, hamrofon, stepping m.m.) er to livsglade musikarar inne i sitt 28. samspelår. Dei seiest at både folk med lakksko, bunad, svarte skinnjakker eller cowboyhattar lar seg villig føre rundt i deira fargerike musikkhage! Kontrastane er store, men opplevinga garantert heil.

Gabriel Fliflet og Ole Hamre har samarbeidd med utøvarar som Kari Bremnes, Odd Nordstoga, Runar Gudnasson og Annbjørg Lien.

Artikkeltags