Rockweekend med strame tøylar

Scott McKeon i aksjon med Tom Jones.

Scott McKeon i aksjon med Tom Jones. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Gitaristen Scott McKeon har tid å vere i Bremanger berre seks timar. Etter konserten køyrer vi han direkte til Flesland for vidare turné, fortel Roger Igland.

DEL

Scott McKeon skal spele med Rufus Black på laurdagskvelden 14. juli under Rockweekend.

– Han har vore på USA-turne med Tom Jones og no held dei fram med Europa-turne. Manageren deira har booka Tom Jones med band i Exeter i England søndagen, så dette går på hengande håret, fortel Igland.

Fredagskonsertane med Adam Douglas og Helena Tjelle-Leinebø er utselde, men på laurdagen er framleis nokre billettar att til Rufus Black og Hayseed-konserten.

På søndagen kjem gromguten sjølv, Odd Nordstoga for å spele i Bremangerhallen. Det er ein artist som dreg publikum i fleire alderssegment, så Igland er ikkje redd for lågt publikumstal der.

Odd Nordstoga har spelt i Bremanger fleire gonger, første gong som medlem av bergensbandet Something Odd.

– Odden femner breitt han. Hallen har ein kapasitet på 5-600, og greier vi opp mot det blir det stor stas, seier han.

Elles legg dei opp til eit livleg folkeliv med kjekke aktivitetar. Til dømes skal det kapproast og det kan bli ei fin oppvarming til august då bremangerane skal kjempe mot kalvågarane under Kystvestivalen.

Artikkeltags