Garanterer musikalsk magi med Mary Black

Bremangerhallen- styremedlemmer i Rockweekend garanterer musikalsk magi med Mary Black. Framme Maria Igland, Nina Grotle, Mary Jane Varpe og grand old man Norvald Klungresæter.

Bremangerhallen- styremedlemmer i Rockweekend garanterer musikalsk magi med Mary Black. Framme Maria Igland, Nina Grotle, Mary Jane Varpe og grand old man Norvald Klungresæter. Foto:

Gjengen i Rockweekend sansar ikkje ein millimeter av tvil om at irskedronninga, Mary Black, vil levere musikalsk magi.

DEL

Mary Black skal opptre søndag ettermiddag 14. juli i Bremangerhallen, som rommar eit stort publikum.

- Vi håpar at musikkelskarar som ikkje er her heile helga, vil ta seg ein søndagstur for å få ei ugløymeleg konsertoppleving. Konserttidspunktet er lagt slik at folk frå både Sunnfjord og Nordfjord kjem seg fint fram og tilbake som ein søndagstur. Eg gløymer aldri konserten hennar i 2002, der ho fekk vaksne karar til å ta til tårene, seier musikar og seniorarrangør Norvall Klungresæter.

MARY BLACK UNDER BREMANGER ROCKWEEKEND 2002.

MARY BLACK UNDER BREMANGER ROCKWEEKEND 2002. Foto:


No er det ei god veke til det brakar laus. Først med den sjarmerande lokale robåtkonkurransen på Iglandsvik mellom dei ulike bygdelaga. På fredag kveld blir det klubbkonsert med Ole Børud, kjend frå siste sesong i Stjernekamp. Same kveld spelar det lokale bluesbandet Silo, som har bygd på besetninga med to blåsarar og ein pianist. Musikken er rearrangert og oppfriska.

Klubbkonserten laurdag blir med Daniel Kvammen og det Svelgen-baserte 12-mannsorkesteret A whole dozen of Funk. Det blir full svingstang og høgkompetent festmusikk. Den musikalsk rojale avslutning skal Mary Black syte for på kviledagen.

Mary Black vil gjenoppleve atmosfæren i Bremanger

Førehandssalet til Rockweekend er ikkje på same nivå som i fjor, då konserten med stjernekampvinnar Adam Douglas var utseld til jul allereie. No er det litt meir spaning knytt til den økonomiske berekrafta.

- De har ikkje tenkt i retning av å hyre inn band som Vassendgutane?

- Nei, vi er ikkje der. Andre festivalar og dansegallaarrangørar satsar på slike artistar som sel seg sjølve. For oss handlar dette om tradisjonar og historia til rockeklubben her i Bremanger. Vi ønsker å stå fram med musikalsk integritet og kvalitet og presentere artistar som vi føler at vi kan stå inne for, ikkje berre booke artistar som vi veit folk vil ha, seier Klungresæter.

Dei viser til at Rockweekend nokre år satsa på store konserttelt og allment kjende artistar, men har landa på at festivalen skal vere liten og intim med base i Iglandsvik. Det har vore arrangert konsertar på Havly Pensjonat heilt tilbake til 1982.

- Vi ønsker å utvikle konseptet og det folkelege i festivalen. Vi har koselege uteaktivitetar på dagtid to av dagane. Det er mynta på heile familien. Det blir veldig bra, understrekar Nina Grotle.

På laurdag tidleg på dag er det sett av tidsrom nok slik at folk kan delta eller berre besøke Vetenløpet, der det etter planen blir konsert under opninga av den nye dagsturhytta.

Kjell Grotle i arbeid med malarkosten på Havly Pensjonat. Det skal bli ship-shape til neste helg.

Kjell Grotle i arbeid med malarkosten på Havly Pensjonat. Det skal bli ship-shape til neste helg. Foto:






Artikkeltags