Gå til sidens hovedinnhold

Fryktar buplikta blir for dyr

Vurderer å fjerne buplikt på usentrale gardsbruk:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Vi må stikke fingeren i jorda og innsjå at vi ikkje kan kreve buplikt i alle bygder.

Det foreslo rådmann Tom Joensen i siste formannskap og fekk støtte i dette synet frå ordførar Audun Åge Røys (H).

Formannskapet handsama sak om buplikt på eit gardsbruk i Løypedal, 13 km. vest for Svelgen ved Nesbø. Det enda med at Fredrik Vinsrygg og Irene Leirvik Vinsrygg fekk løyve til å overta bruket som ein fritidseigedom.

Treng tilflytting

Evy Dombestein (H), Stig Bakke (KrF) og Magne Kjerpeseth (Sp) ville ha lys tende av flest mogleg fastbuande i husa, men blei stemde ned.

– Vi treng tilflytting og i dag er det til dømes i Rugsund-området mangel på ledige husvære. Eg bur sjølv langt frå dei kommunale tenestene og det har ikkje vore noko stor utfordring. Vi må stramme inn i buplikta for å få lys i alle husa i bygdene, argumenterte ho.

 

Nedstemt

Men med bakgrunn i folketalsutviklinga og at dei kommunale tenestene vil komme under eit aukande press i åra som kjem, valde fleirtalet (V, Ap og ordføraren) å støtte vedtaket om å gje dispensasjon for buplikt i denne saka.

"Det er ikkje akkurat kø for å kjøpe nedlagde gardsbruk i kommunen.

Tom Joensen

 

- Vi må sjå på dei ulike områda i kommunen. I dag er det ein for streng praksis på buplikt og det er vi ikkje tente med. I Løypingsdal er det kanskje ikkje rette staden å kreve buplikt. Vi ønsker å legge opp til ei utgreiing på dette til neste rullering av arealplanen for kommunen, sa rådmannen.

Dette vil då opne for ein prinsippiell debatt og mange diskusjonar om kor buplikta skal gjelde og ikkje gjelde i Bremanger. Kva kriterium skal ein legge til grunn for å gjere unntak for buplikt? Er det avstand til kommunesenteret? Er det avstand til næraste sjukeheim, legesenter, oppvekstsenter eller kommunale vassverk? Er det alder på kjøparane?

Kommentarer til denne saken