Trugar med skuleboikott

Elevtalet er synkande på Kolset og lokalmiljøet fryktar at skulen kjem til å bli radert ut.

Elevtalet er synkande på Kolset og lokalmiljøet fryktar at skulen kjem til å bli radert ut.

Artikkelen er over 4 år gammel

Foreldre på Kolset i Bremanger er i harnisk.

DEL

Foreldra godtar ikkje at kommunen vil flytte ti elevar ved Kolset oppvekst til Davik frå 1. januar. Dei kjem til å halde barna igjen om kommunen ikkje snur. Det melder Fjordenes Tidende.

Foreldra til elevane i 5-7.klasse ved Kolset oppvekst fekk denne veka beskjed om at ungane må flytte til Davik skule. Årsaka skal i følgje kommuneadministrasjonen vere at det manglar lærarkrefter. Det alvorlege bakteppet er at Kolset-skulen om få år står i fare for å bli lagt ned, ved at elevtalet i 2016 er venta å komme under grensa for fådelt skule.

Foreldrearbeidsutvalet (FAU) på Kolset kalla inn til hastemøte onsdag.

Vedtaket går ut på at elevane på mellomsteget ved skulen skal flyttast til Davik oppvekst frå 1. januar og ut skuleåret. Grunnen er at Kolset oppvekst har lærarmangel.

– Om elevane no går til Davik oppvekst, er det ikkje sikkert at dei kjem tilbake hit, meiner Asle Skaar.

Kolset Krins Utviklingslag har også sendt brev til kommunen i samband med budsjettet som er lagt fram for kommunestyret med forslag om kutt i skulesektoren. Dei fryktar at nedlegginga av Kolset skule allereie har starta i budsjettet.

Artikkeltags