Politiet vil ha opplysningar om to køyretøy

DYRETRAGEDIE: Fem geiter som gjekk i vegbana ved Berleporten måndag føremiddag, vart meia ned av ein bil. No vil politiet ha kontakt med to bilførarar.

DYRETRAGEDIE: Fem geiter som gjekk i vegbana ved Berleporten måndag føremiddag, vart meia ned av ein bil. No vil politiet ha kontakt med to bilførarar.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tenestestadsleiar ved Bremanger lensmannskontor, Espen Gulliksen fortel politiet er interessert i å komme i kontakt med førarane av to køyretøy i samband med dyretragedien ved Berleporten på føremiddagen måndag 1. oktober.

Her måtte fem geiter avlivast etter at dei hadde blitt meia ned av ein bil. Kven som stod bak denne påkøyringa jobbar politiet no med å bringe på det reine.

– Vi seier ikkje at det er ein av desse to bilane som har køyrt på geitene måndag, men vi vil ha tips frå førarane i desse bilane for å få ut opplysningar dei sit på, og eventuelt få sjekka dei ut av saka, seier Gulliksen.

Den eine bilen er ei relativt ny, kvit norskregistrert Mercedes trekkvogn, som køyrde frå Skatestraumen mot Oldeide i tidsrommet 13.30 på måndag. Den andre bilen dei er interessert i informasjon om, er ein utanlandsk registrert trailer, med blå hytte og kvitt kapell.

– Denne køyrde motsett retning vel ein halv til seinare, kring klokka 14.00, opplyser politiet.

Artikkeltags