– Kunne fort blitt eit skrekkscenario

Artikkelen er over 4 år gammel

Slik ser det ut inne i tunnelen.

DEL

Dei aller første røykdykkarane har no vore inne i Skatestraumtunnelen sidan ein tank med 16 500 liter bensin small i fjellveggen og starta å brenne.

– Det ser ikkje så bra ut, for å seie det sånn. Det er mykje nedfall og skadane på tunnelen er svært store, seier Geir Sagevik, fungerende brannsjef i Flora kommune.

– Det som møtte røykrykkarane våre var eit utbrent kaos av tunnellrestar og vrakrester. Det er framleis ikkje trygt å gå inn utan utstyr, seier Sagevik.

Sjå bildeserien øvst i saka.

Det er Flora brannkorps i samarbeid med Bremanger, som i ettermiddag har sendt fem røykdykkarar inn i tunnelen. I etterkant har dei brifa vegvesenet og politiet om kva dei har sett. I tillegg har dei målt nivået på giftige gassar, teke bilde og filma det dei har sett. Dei er dei første som er heilt inn til vraket sidan bensinhengaren small i fjellet.

Politiet held fram etterforskinga i morgon

– No har politiet og vore inn til vraket, men det er framleis mykje gasser i tunnelen og det har vore naudsynt å ha oksygenmasker og utstyr tilpassa omgivnadane, seier Espen Gulliksen på operasjonssentralen til politiet i Sogn og Fjordane.

Han informerer om at tunnelen vil vere fysisk sperra både med gjerde og vakthald.

– Tunnelen blir ikkje opna på lang tid. Etterforskarleiaren har fått gå heim for dagen, og etterforskinga blir tatt opp att i morgon. Då vil politiet, vegvesenet og eventuelt Kripos gjere ei vurdering på om vraket skal ligge der til etterforskinga er ferdig, eller om det er forsvarleg å ta det ut av tunnelen.

Svært store skader

– Kablar heng ned frå taket, betong har løsna og alle kumlokka i botnen av tunnelen er av, fortel Margot Åsebø, fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Røykdykkarane har gått inn på sørsida av den 1,9 kilometer lange tunnelen.

– Det skal ha gått greitt å ta seg ned til botnen av tunnelen og fram til det utbrente vraket. Men ingen har vore forbi tankvogna endå, opplyser Åsebø.

Hengaren med bensin gjekk i fjellveggen cirka 500 meter inne i tunnelen, frå nordenden. Ved hengaren står og ein bil som er heilt utbrent. Dei to passasjer skal ha blitt plukka opp av ein anna bil då deira eigen eksploderte.

– Skadane mot nord kan vere svært omfattande. Det kjem til å ta tid før vi kan sende inn mannskap på nordsida, seier Åsebø.

Ingen lekkasje

Statens vegvesen har ikkje registrert lekkasje av vatn i tunnelen, men seier at det likevel er altfor tidleg å seie kor lang tid det vil ta å reparere tunnelen.

Foto:

Artikkeltags