Kinesisk fan kjem for å høyre Mezzoforte

HAVLY-REPRISE: Det blir ønskereprise på konserten med det slitesterke 39 år gamle islandske jazz-funk bandet Mezzoforte. – Lock up your grandmothers, we are coming back, spøkar trommis Gulli Briem, som til dagleg bur i Budapest i Ungarn. Arkivfoto

HAVLY-REPRISE: Det blir ønskereprise på konserten med det slitesterke 39 år gamle islandske jazz-funk bandet Mezzoforte. – Lock up your grandmothers, we are coming back, spøkar trommis Gulli Briem, som til dagleg bur i Budapest i Ungarn. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg har langferie frå jobben min og var volontør i Sverige då eg oppdaga at Mezzoforte skulle spele i Bremanger.

DEL

Han var raskt ute og sikra seg billett og kjem til Rockweekend 30. juni til 2. juli i år.

Tse Wing Chi har teke seg seks veker fri frå jobben for å jobbe frivillig på eit svensk økologisk gardsbruk der fokus er dyrevelferd, berekraftig matproduksjon og forbruk av ressursar i verda.

Tse Wing Chiu- frå Hong Kong har vore på frivillig arbeid i Sverige - ferierer no i Skandinavia. Då nyttar han sjansen til å høyre favorittbandet Mezzoforte i Bremanger.

Tse Wing Chiu- frå Hong Kong har vore på frivillig arbeid i Sverige - ferierer no i Skandinavia. Då nyttar han sjansen til å høyre favorittbandet Mezzoforte i Bremanger. Foto:

Frå punk til funk

– Eg spelte i eit punk-rock band for lenge sidan heime i Hong Kong. Men no likar eg å lytte til jazz og fusion-musikk. Eg blei fan av Mezzoforte då eg lytta på jazzradio.com i fjor, som då spelte den originale versjonen av Garden Party. Sidan den tid har eg lytta mykje til dei via Spotify og YouTube, fortel den kinesiske musikkelskaren, som først skal feire midtsommarfesten med ein venn i Sverige før han vender nasen mot Vestlandet og Bremanger.

Frå Budapest

Trommeslagar Gulli Briem synest det er stor stas at nokon tek bryet med den lange turen for å høyre dei spele live i Bremanger.

– Ein litt avsides, spesiell og veldig koseleg plass; Bremanger. Vi hadde eit nydeleg opphald der i fjor haust då vi spelte på Havly. Trongt lokale, men god atmosfære, seier Gulli, som nyleg har vore på Sardinia for å spele inn musikk i lag med Genesis-gitarist Steve Hacket og ungarske musikarvenner.

Denne veka spelar islandske Mezzoforte for fullsett sal i London.

– Det var i England det heile starta for oss for 39 år sidan. Vi budde der i fleire år. London er som eit slags musikalsk mekka i verda med impulsar frå heile verda.

I Norge skal dei spele på Grefsenkollen i Oslo før dei kjem til Rockweekend som toppnamn på årets Rockweekend, som er av den meir smålåtne og intime varianten.

Lås inn bestemødrene dykkar, for no kjem vi karane i Mezzoforte til bygda.

Gulli Briem

Norgesvenner

Briem understrekar at Norge er eit slags nummer 1-land for dei med mange trufaste fans.

– På våre konsertar er det å føle fellesskapen med våre tilhengarar veldig viktig. Vi skreddarsyr repertoaret vårt slik at fansen får høyre dei låtane dei kjenner best, samstundes så prøvar vi å spele litt nytt materiale. Vi har lage mange album og har mykje å velje i når vi skal sette saman eit repertoar. Vi kjem til Bremanger med ei slags grunnbesetning med saksofonist med i laget. I andre samanhengar spelar vi gjerne med full blåsarrekke, fortel Briem.

Meir spontane

Han meiner at dagens Mezzoforte er meir opent, meir jazza og meir funky enn før.

– Å spele musikk handlar om kommunikasjon og å vere sosial. Vi elskar det å stå på scena i lag, og bevege oss langt vekk frå alt det som skjer på all verdas computer og mobiltelefonskjermar.

LES OGSÅ:

Rockweekend 2016

30. juni - Lokal jam på Havly med tema «Bruce Springsteen».

1. juli - King Pleasure and Biscuit Boys.

2. juli- Mezzoforte

3. juli - konsert med Eva and the Heartmaker på Steinfjellet. Viss dårleg vêr blir det konsert på Havly i staden.

Artikkeltags