24 timars "happy hour" på RW-billettar

ELDSJELENE: Roger Igland og Norvall Klungresæter.

ELDSJELENE: Roger Igland og Norvall Klungresæter. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Påske er for mange blitt ei musikalsk jam-høgtid i Bremanger. I år byr dei også på påskerabatt på Rockweekend.

DEL

Onsdag er det tradisjonen tru jam på scena på Havly i Bremanger. Inga påske utan Påskesylte-arrangement i Iglandsvik.  Legendariske Oddmar Varpe har med 98 prosent sikkerheit varsla at han slenger seg innom. Jim Steven og Boxer, Inge Villy Hauge og fleire andre musikarar stiller. Det blir også høve til å trimme meir enn armen som løftar glaset eller instrumentet; nemleg hjernetrim med musikk-quiz. 

- Vi tilbyr også påskerabatt på Rockweekend-billettar til sommaren, fortel Norvall Klungresæter.

LES OGSÅ:

 

Det blir nedsette prisar på Rockweekend-billettar frå onsdag 12 april kl 16.00 til skjærtorsdag 13. april kl 16. Dei reduserer prisane på Ticketco med 100 kroner pr billett på konsertane fredag, laurdag og søndag-  samt festivalpasset.
Kjøpar du billetten til konserten til Sol Heilo band og Silo på Havly fredag 14 juli med PÅSKERABATTEN i stadenfor å kjøpe den ved inngang - sparar du 150 kroner. Det same gjeld og for konserten med TOBB på Havly.

Artikkeltags