Trafikkulykke i Bremanger

ULYKKE: Her ved Ytre Hauge i Bremanger inntraff ulykka i førmiddagstimane, lørdag.

ULYKKE: Her ved Ytre Hauge i Bremanger inntraff ulykka i førmiddagstimane, lørdag. Foto:

Ein personbil har køyrt inn i ein steinmur ved Ytre Hauge i Bremanger. To personar er involvert.

DEL

Vest politidistrikt melde klokka 10.17, laurdag føremiddag på Twitter om ei trafikkulykke ved Førde i Bremanger. I meldinga frå politiet står det at ein bil med to personar har køyrt utfor vegen, og at begge skal vere ute av bilen no.

Ulykka skal ha skjedd 400 meter frå brannstasjonen, på fylkesveg 616.

Firdaposten får opplyst at bilen har køyrt ut av vegen og vidare inn i ein steinmur, som ein følge av å ha mista kontroll på bilen etter å ha hamna utanfor asfaltkanten.

Den nye vegen som er lagt på staden har medført høge asfaltkantar, og for kort tid tilbake var det ein liknande hending. Den 9. juni mista føraren av eit vogntog kontroll på eiget køyretøy etter å ha hamna utanfor dei høge kantane. Dei lokale uttrykte bekymring den gongen, og spådde framtidige ulykker som ein følge av den store høgdeforskjellen på veg og grøft.

Klokka 11:35 opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen til Firda at bilen er henta av bilbergar. Alle naudetatane rykte ut til ulykka, og ein person blir varetatt av helsevesenet.

– Føraren av bilen er ei kvinne i slutten av tenåra, passasjer veit eg ikkje alder på. Bilen har krasja i ein mur, og det er store materielle skadar, blant anna ein rosett-form i frontruta.

Magnussen fortel at det indikerer at ein av passasjerane har dunka hovudet i frontruta i kollisjonen. Begge skal vere bevisst.

Vegen er no open for all trafikk

Artikkeltags