Steinalderbønder skaper trøbbel for nytt steinbrot

Helleristning frå Vingen. Sigden kan vere indikasjon på jorbruksaktivitet.

Helleristning frå Vingen. Sigden kan vere indikasjon på jorbruksaktivitet. Foto:

Arkeologar har funne spor etter nedsvidd skog frå Bremangers første bønder i Vingen i planområdet for steinbrotet på Aksla.

DEL

I Vingen-området er det tallause spor etter menneskeleg aktivitet frå steinalderen. I den yngre steinalderen utvikla menneska seg frå å vere jegerar og samlarar til å ha faste bustadområde og utvikle eit jordbruk. I perioden fram til 3000 år f.K. byrja menneska å svi av skog for opne landskapet for jordbruk og dyrehald og det er nettopp spor etter desse nedsviingane av skog arkeologane har funne spor av ved Inste Bårdvikneset og ved Langeneset, som ligg berre 6,5 km frå Vingen-feltet.

– Fylkeskommunen kan ikkje seie seg samd med den planlagde arealbruken. Det vil vere omfattande inngrep i landskapet med negativ visuell effekt, skriv ass. fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad og viser til at arkeologar har funne to automatisk freda kulturminne ved og i planområdet. Ho varslar motsegn mot reguleringplanen for Aksla-steinbrotet.

Arkeologane har teke prøvestikk nedover i jorda og funne eit typisk trekol-lag frå slutten av steinalderen. Det yngste funnet er datert til 2470-2297 f.K.


Dei arkeologiske utgravingane blei gjort i 2017 av Andreas Lunebord og Lars Jølle Berge. Dei tok til saman 32 prøvestikk og analyserte kjerneprøvene av jordlaga ned til fast fjell/steinblokker. Samanfall i dateringane av bruksfasen for Vingen-området og trekollaget i jorda i planområdet for Aksla, tilseier at det er sannsynleg at trekol-laget er menneskeskapt. Det truleg samanhengade trekollaget utgjer dei automatisk freda kulturminna. Arkeologane trur at dette er ei tidleg form for bearbeiding av landskapet, der nedsviinga av skogen vart gjort for å dyrke fram spesifikke plantar og å favorisere enkelte typar dyr.

Arkeolog-feltleiar Lars Jølle Berge konkluderer slik:

– Dateringane frå trekollaget overlappar med perioden Vingen var i aktiv bruk. Dette indikerer at det kan ha vore dei same menneska som skapte helleristningane, som også svei ned vegetasjonen på Inste Bårdvikneset og Langeneset. Det er fleire nyare tids kulturminne på og ved Langeneset i form av steinhaugar, murar, tufter.

Funna indikerer at planprosessen vil ta lang tid, sidan avgjersler kan ankast heilt til departementshald.

Vingen sett frå fjellet Aksla. Oppe til venstre Hornelen.

Vingen sett frå fjellet Aksla. Oppe til venstre Hornelen. Foto:

Artikkeltags