Søker om smartare plassering av nytt laksesmoltanlegg

Anlegget er tenkt plassert langs Fylkesveg 616, ved krysset der vegen går ned til Clupea/Smørhamn.

Anlegget er tenkt plassert langs Fylkesveg 616, ved krysset der vegen går ned til Clupea/Smørhamn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Smart Salmon ønsker å flytte utbygging av postsmoltanlegget til mellom fylkesvegen og innkøyringa til Smørhamn.

DEL

Konsesjon til anlegget vart godkjent i 2016. No prøver Davik-karane Petter, Ole og Stig Bakke, som står bak selskapet Smart Salmon, å greie ut om dei kan bygge anlegget på ein anna del av industriarealet enn det som opphavleg var tenkt.

Planen er å nytte kring 50 liter vatn/minutt frå Ryland Vassverk til produksjonen og drive ein produksjon med svært høg grad av resirkulering av vatn. Planen har vore å kunne produsere 2,5 millionar laksesmolt på 1 kilo storleik. Går dei for 500 grams så dei doble talet på fisk.

Multiconsult

Dei har med seg Multiconsult til planlegginga og hadde nyleg førehandskonferanse med kommunen om ei anna plassering. Dette fordi utnyttinga av industriarealet i Smørhamn i austre del er basert på at det skal takast ut store steinmassar, før dei kan komme i gang med utbygginga. 

Stig Bakke er ein av tre brør som står bak prosjektet. Han er formannskapsmedlem i Bremanger kommune.

Stig Bakke er ein av tre brør som står bak prosjektet. Han er formannskapsmedlem i Bremanger kommune. Foto:

Statens vegvesen melder at dei ikkje tunge motforetstillingar til flyttinga av anlegget og tilrår ein vegetasjonsskjerm mot vegen. Dei stiller krav om at ein sikrar seg god sikt i krysset mellom Fv 616 og vegen ned til Clupea/nye Smørhamn.

10-15 arbeidsplassar

Multiconsult viser til at det må gjevast fleire dispensasjonar frå gjeldane reguleringsplan. Til dømes i samband med at eit settefiskanlegg er svært arealkrevjande og at det utlyser formelt sett krav om 145 parkeringsplassar. Eit slikt anlegg vil kunne ha opp til 15 arbeidsplassar, slik at 20 parkeringsplassar vil vere tilstrekkeleg. 

Det må leggast opp ei røyrgate for transport av fisk til brønnbåt i sjø. Denne er tenkt lagt langs vegen.

To bygningar

Det er tenkt bygging av to bygningskroppar. Ein på 12.500 m2 og ein på 1200 m2. 

Hovudbygningen vil innehalde fire påvekstavdelingar med separate resirkuleringssystem (RAS). Avdeling for å fjerne nitrogen i produksjonsvatnet, tekniske rom, og sosiale rom for arbeidsfolket.

Den minste bygningen blir klekkeri og startfôringsavdeling med eige RAS-system.

Internasjonal leverandør

Det er selskapet Aqua Maof Aquaculture Technologies som skal levere resirkuleringsteknologien. Dei har 30 års erfaring og er involvert i anleggleveransar både i Asia, Europa, Afrika og på heile det amerikanske kontinentet. Utanom laksefisk leverer dei anlegg til artar som barramundi, tilapia, afrikansk catfish, sea bream, pangasius, størje og yellow tail.

Artikkeltags