Vil ta Sompol-rekorden på Veten

vetenløpet

vetenløpet Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

25.28 er den magiske grensa for å slå rekorden til John Mnangat Sompol.

DEL

Motbakkeløpet frå Grotlesanden til Veten, Veternløpet står for tur den 9.juli . Dette blir det tolvte i rekka, og arrangørane ventar no spent på om nokre rekordar blir slått i helga, melder Fjordenes Tidende.

– Thorbjørn Ludvigsen har i år som mål å slå den internasjonale løyperekorden til den avdøde kenyanaren Sompol, og det ser vi ikkje vekk frå at han greier, seier Annbjørg Hauge Nygård, leiar i Vetenløpet.

Påmeldinga til motbakkeløpet er bra , og Nygård forklarar at mosjonistane ofte ventar til dei siste dagane med å melde seg på ettersom dei følgjer med på vêrutsiktene.

– I konkurranseklassa er det derimot god påmelding og fjorårsvinnar i herreklassen var den første til å melde seg på årets løp, fortel ho.

Nytt med i år er innføringa av puljestart i konkurranseklassa, der første pulje startar ein halvtime før pulje to. Dette er for å unngå kø i løypa. Det har som forventa ei løpstid på under 40 minutt, forklarar ho. Løypa er 4,6 km lang og målgang er på Veten, 527 moh.

Kenyanaren John Sompol døydde tidligare i år, berre 27 år. Meir om Sompol kan ein lese hos Firda

Artikkeltags