Karl Vidar Førde tilsett som utviklingsjef

Tom Joensen takka av ordførar Karl Vidar Førde. 1. september er han tilbake for å vidareutvikle kommunen.

Tom Joensen takka av ordførar Karl Vidar Førde. 1. september er han tilbake for å vidareutvikle kommunen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

For tre år sidan takka rådmann Tom Joensen av Karl Vidar Førde (Sp) som ordførar. No er han tilbake som nytilsett utviklingssjef.

DEL

Karl Vidar Førde arbeider i dag som leiar for byggeautomasjon hos Normatic på Eid, men skal 1. september ta til som kommunalsjef for samfunn og utvikling i Bremanger kommune.  Karl Vidar og kona Sonja driv også eiga gründerverksemd på Hjortegarden i Ålfoten.

– Det var fleire gode søkarar, men Karl Vidar peika seg ut som den beste kandidaten til jobben. Han er vel ansett i alle bygdelag i kommunen og kjenner til organisasjonen og korleis prosessane går føre seg. Eg ser veldig fram til å få Karl Vidar med på laget, understrekar rådmann Tom Joensen. 

Etter mange år med underbemanning på rådhuset, løftar rådmannen no blikket mot utviklingsarbeid og å få litt avlastning i si rolle.

Utlysingsteksten vitnar om høge målsetjingar:

Vi ønskjer å løfte kommunen sitt fokus på plan, næring og samfunnsutvikling, og søkjer etter ein engasjert og drivande kommunalsjef. Vedkommande skal jobbe aktivt for at Bremanger kommune møter samfunnsmessige endringar og utfordringar, herunder befolkningsutvikling, trong for fleire bustader og offentlig infrastruktur. Bremanger skal vere ein næringsvennleg kommune med fokus på den aktive rolla som tilretteleggjar for næringsetableringar og oppfølging av eksisterande næringsliv.

Stillinga inngår i rådmannen sitt leiarteam som har fokus på heilskapleg og samordna utvikling av kommunen som tenesteleverandør, forvaltningsorgan og samfunnsutviklar. Kommunalsjefen har særleg ansvar for områda plan og forvaltning, kultur, næring, NAV og teknisk drift. Dette inneber og eit overordna ansvar for om lag 40 medarbeidarar.

Kommunalsjefen skal leie og vidareutvikle eit tverrfaglig kompetansemiljø der evna til å spele på ulike fagkompetansar for heilskaplege løysningar vert lagt vekt på. Sektoren vil levere tenester til einingar internt i kommunen, og tenester til innbyggarar og eksterne verksemder. Evne og vilje til samarbeid er såleis ein føresetnad for å lukkast i rolla. 

 

Artikkeltags