Grepstad kjenner dei formelle og uformelle spelereglane ut og inn og han er svært overraska over at det blir stilt eit ultimatum til dei folkevald i ein kommune.

- Ingen som arbeider for kommunen bør ha ein posisjon der dei grip inn i avgjerdsprosessen i lokaldemokratiet. Det formelle i styringa av ein kommune er nedfelt i eige lovverk, som må respekterast. Kommunestyre og ordførar blir valde kvart 4. år og dei har styringa med dei administrative funksjonane i kommunen. Ultimatumet som kommunelegane stiller er heilt uakseptabelt, seier Grepstad, som er svært overraska over at problemstillinga i det heile teke dukkar opp. Han ser også på utspelet som at yrkesgruppa ikkje har respekt for arbeidsgjevaren sin.

- Det speglar manglande respekt for demokratiet og dei folkevald kan ikkje akseptere dette utspelet, meiner Grepstad.

Han viser til at kommunereforma er ein lovleg prosess nedfelt i Storting og regjering.

- Nokon meiner at ordførar Audun Åge Røys må avsetjast fordi hans syn i kommunereforma ikkje er delt av fleirtalet?

- Ordføraren og dei folkevalde er valde for ein periode på fire år. Det skal svært mykje til for å avsetje ein politisk vald ordførar. Då snakkar ein i tilfelle om at vedkommande må ha blitt dømt for brot etter straffelova. Men det er noko heilt anna enn vanleg politisk meiningsbryting, svarer Grepstad.

Kommunelova paragraf 9 slår fast at kommunestyret vel ordførar av medlemmene i formannskapet. Valet gjeld for heile fireårsperioden. Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet og er rettsleg representant for kommunen.