Det vart vedtatt med knapt fleirtal;  Sp, Høgre, KrF og SV sine stemmer, 12 mot 11 stemmer frå Ap og Venstre, som ville frede dagens struktur i oppvekstsektoren. Vedtaket inneber at politikarane har gripe fatt i ideen i eit av alternativa, (C) med å lage ein felles ungdomsskule i kommunen. Ved å analysere kva som vart sagt av bestemte politikarar- handlar det eigentleg om å greie ut bygging av ein felles ungdomsskule på Kolset, sentralt i kommunen. Ein skal også greie ut moglegheitene for å gje eit tilbod til vidaregåande elevar i yrkesfaga.

Prosjektleiar Grete Berntzen la fram fire alternative modellar for framtidas struktur i oppvekstsektoren.

SJÅ SAKA: Vil stanse kuttprosessane

– Eg er overraska over at vi ikkje sparer meir med så store tiltak som vi har sett på. Vi har teke utgangspunkt i eleven og ikkje rukke å sjå på bygdeperspektivet. Ein kan sikkert finne feil, sidan det er mange ting vi ikkje har hatt tid til å gå i djupna på. Det har vore veldig krevjande og vi har måtta legge frå oss kjenslene våre i dette arbeidet. Vi har valt å fokusere på eleven og på økonomi, og har lagt til sides bygdeperspektivet. Dette var så langt vi rakk å komme. No får de ta nokon val, sa ho innleiingsvis.

Ho fekk ros frå alle parti-leirar for å ha gjort ein solid jobb med forprosjektet.

Marius Strømmen (Sp) lanserte Campus Bremanger etter modell av den vidaregåande skulen i Høyanger.

- Det er ein 8-13-modell, der elevar i vidaregåande opplæring kan vere samlokaliserte med ungdomsskulen. Elevar som går på TAF-linja til dømes kan vere aktuelle. Dei kan ha praksis i heimkommunen i heile skuleløpet. Det er viktig for å kunne halde på ungdommane. i kommunen.

Thomas Øvstedal (Ap) påpeika at den vidaregåande opplæringa i Høyanger hadde eit heilt anna utgangspunkt- nemleg å berge det vidaregåande tilbodet som allereie var der.

- I vårt tilfelle må det bli ein auka kostnad for kommunen.

Stig Bakke (Krf) påpeika at kostnadene i vidaregåande skule er dekka av fylkeskommunen.

Også Ann Kristin Førde (Ap) freista å kjøle ned den lokalt sentraliseringsvillige senterpartisten frå Rugsund.

- Eg har mykje kontakt med fylkeskommunen i mitt arbeid. Der foregår det også store kuttprosessar. Å sei at det ikkje blir kostnader med ein campus- det er feil. Fylkeskommunen kuttar hardt- det er rein utopi å få til noko slikt.