Gå til sidens hovedinnhold

Nedgang på Isane-Stårheim

Artikkelen er over 4 år gammel

Trafikken på Måløy-Oldeide aukar, medan Stårheim-Isane går nedover.

I 2015 nytta 140.628 passasjerar seg av sambandet Måløy–Husevågøy–Oldeide. Dette er ei auke på 4.037 passasjerar, og sambandet er med dette det med den største prosentvise veksten i regionen (2,98 prosent).

894.143 passasjerar nytta seg av sambandet Lote-Anda for å krysse Nordfjord i 2016. Dette er ei auke på 22.414 passasjerar (2,57 prosent) samanlikna med 2015. Sambandet har ikkje hatt så mange passasjerar sidan 2012 (923.003 passasjerar).

Det einaste sambandet med nedgang er Stårheim-Isane. I 2016 vart det registrert 209.520 passasjerar på ferja. Dette er 17.511 færre passasjerar, altså ein nedgang på 7,71 prosent, samanlikna med 2015.

Dette melder Fjordenes Tidende.

Kommentarer til denne saken