Fylkestinget har gjort eit prinsippvedtak om at opp til 80 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) kan overførast til kommunane i fylket før regionen Vestland trer i kraft i 2020.  Tilsvarande vart gjort då Nord-Trøndelag slo seg saman med Sør-Trøndelag, utan opprivande debatt og trugsmål om straff frå den eine parten.  

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), understrekar at dei ikkje har starta ein fordelingsdebatt enno.

– Fylkestinget har ikkje sagt noko om korleis aksjane eventuelt skal fordelast til kommunane. Fylkestinget har berre gjort eit prinsippvedtak, seier ho til NRK.

Men debatten rullar og går likevel.

Bør kraftaksjane frå SFE fordelast etter innbyggjartal i kommunane eller bør dei fordelast på dei kommunane som ikkje har selt seg ut og har helde på eigarskapen i fylkeskraftselskapet?

 

Bremanger-ordførar Audun-Åge Røys (H) meiner i følgje NRK at aksjane bør fordelast til dei kommunane som allereie er aksjeeigarar i SFE, og i høve deira eigardel.Audun Åge Røys

– Desse kommunane har vore langsiktige eigarar og dermed bidrege til stabilitet og verdiauke i SFE. Det er ikkje utan risiko å vere eigar, men så lenge ein har eit langsiktig perspektiv vil det som regel løne seg.

Leidulv Gloppestad i Gloppen meiner ein må sjå på ein kombinasjon, slik som i Nord-Trøndelag. Der vart ein del fordelt etter folketal til alle og ein del til eigarkommunane.

Vi har sendt spørsmål til ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora om problemstillinga.

Han er meir på linje med Gloppen-ordføraren:

– Dagens eigarkommunar bør få ein større andel enn dei andre kommunane, meiner han.

Jenny Følling. Møte i fellesnemda for Vestland fylke, Scandic hotel på Kokstad i Bergen

EIGARAR:

Sogn og Fjordane fylkeskommune: 49,56 prosent

BKK: 36,83 prosent

Flora kommune: 4,64 prosent

Gloppen kommune: 3,46 prosent

Bremanger kommune: 2,47 prosent

Askvoll kommune: 1,48 prosent

Selje kommune: 1,34 prosent

Eid kommune: 0,15 prosent

Naustdal kommune: 0,07 prosent