Bremanger slepp reformpisk

Kommunehuset i Svelgen.

Kommunehuset i Svelgen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Prosjektleiar Kåre Træen for kommunereforma trur at Bremanger er ein kommune som ikkje får smake reformpisken så hardt

DEL

Kommunar som ligg i naturleg nærleik til eit regionsenter vil bli straffa om dei ikkje går for samanslåing. Meir isolerte kommunar som Solund, Selje og Bremanger vil ikkje lide så store tap, melder NRK.

Det er konsekvensen av tre-parti-forliket som i førre veke fastsette framtidas inntektssystem for kommunane.

Vinnarane blant dei som held fram åleine og som ligg geografisk såpass isolert at dei ikkje blir rekna som ein naturleg del av ein større bu- og arbeidsregion.

– Bremanger er ein kommune som er ufrivillig liten. Nokre konsekvensar vil det bli, men dette er ikkje den kommunen som vil tape mest over inntektssystemet. Lærdal er litt i same kategori. Dei er ein kommune som er ufrivillig liten, og det nye inntektssystemet vil ikkje føre til store reduksjonar, forklarer Træen til statskanalen.

Det er dei frivillig små som skal straffast hardast. Det er spesielt kommunar som ligg rundt regionsentra. Naustdal, Gaular, Jølster, Hornindal, Leikanger. Dei får reduserte inntekter i det nye inntektssystemet.

Prosjektleiaren hos Fylkesmannen er klar på at for dei frivillige små vil åleinegang ikkje vil løne seg.  For andre kan det bety nærast status quo på inntektssida. I alle fall i overskueleg framtid.

Nøyaktig korleis tala vil slå ut, blir først klart når departementet sine talknusarar har finrekna seg fram til nye tabellar for inntektssystemet. Men tolkinga av forliket er ikkje til å mistforstå, skal ein tru Træen.

Artikkeltags