- Ser ut som skinnprosess

Audun Åge Røys -Høgre.

Audun Åge Røys -Høgre. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

-Det ser ut til at høyringa vert ein skinnprosess og at konklusjonane er klare allereie.

DEL

Slik kommenterer Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) nyheita om at Bremanger lensmannskontor er foreslått nedlagt.

- Det er lett å gløyme det viktige førebyggande arbeidet den lokale lensmannen gjer når han er kjent og aktiv i lokalsamfunnet. Ikkje trur eg at det vert "politi på hjul" til ei kvar tid når lensmannskontoret forsvinn. Nei, her må det lokale brannvesenet og ambulansepersonellet vere budde på å gjere jobben til politiet når ulykker og katastrofar skjer. Når det gjeld kriminalitet vert nok borgarvern løysinga, kommenterer Røys med ein viss ironisk snert på Facebook.

Når det gjeld kriminalitet vert nok borgarvern løysinga.

Audun Åge Røys- ordførar i Bremanger.

Saka vart diskutert i formannskapet i Bremanger torsdag- der det vart bestemt å setje ned ei eiga lokal gruppe som skal jobbe med saka. No ser det ut til at sjansen til å vere proaktive har segla forbi.

Ei arbeidsgruppe føreslår å kutte lensmannskontora i Askvoll, Jølster, Bremanger og Gaular. Det var Sogn regionråd som fekk informasjonen frå politimeister Kaare Songstad i følgje NRK.

Artikkeltags