K. Strømmen seld til Mowi for 790 millionar

Gründer Kristen Strømmen etterlet seg ei eventyrleg verdiskaping til familien.

Gründer Kristen Strømmen etterlet seg ei eventyrleg verdiskaping til familien. Foto:

Strømmen-familien har fått god økonomisk utteljing av å selje familieverksemda i Rugsund.

DEL

Dette melder iLaks.

Salsummen skal i følge ei børsmelding vere 790 millionar kroner, der handelen blir gjort opp i 30 prosent i Mowi-aksjer og 70 prosent i kontantoppgjer. Mowi er det nye namnet på Marine Harvest, eigd av skipsreiar John Fredriksen.

«Oppkjøpet styrkar vår posisjon i eit område som allereie er kjerna til Mowi region Midt og støttar vår langsiktige strategi om å vere verdsleiande og integrert produsent av sjømatprodukt.», skriv selskapet i børsmeldinga.

K. Strømmen Lakseoppdrett er det siste større privateigde oppdrettselskapet i Bremanger kommune, som no kan definerast som heildominert av Mowi.

Den siste; Stig Bakke i selskapet Norsk Marin Fisk AS driv med FOU-verksemd i samband med utprøving av fôrtypar til laks. Han satsa hardt på oppdrett av torsk opphavleg, men måtte til liks med dei andre i torskebransjen llegge inn årane då torskeprisane stupte og det framleis var uløyste biologiske utfordringar. Gjennom selskapet Smart Salmon er han i gang med planlegging av landbasert lakseproduksjon i Smørhamn.

Familieselskapet K. Strømmen kan få nye eigarar

K. Strømmen fekk sjukdomssmell i fjor

Artikkeltags