Kvalitet i skulen kostar

Tom Hem- som snakka til politikarane ved eit tidlegare høve.

Tom Hem- som snakka til politikarane ved eit tidlegare høve. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarKommentar til forstudierapporten «Organisering av oppvekstsektoren i framtida – Bremanger Kommune»

Utdanningsforbundet Bremanger har lest forstudierapporten som er laga av styringsgruppa som  fekk mandat av formannskapet i Bremanger kommune 18.januar 2017.

Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Bremanger har vore representert på møta i arbeidet med forstudierapporten, men lokallaget ynskjer likevel å komme med ein offentleg uttale.

I punkt 3 «Effektmål og resultatmål», står det i første avsnitt:

«Bremanger kommune skal drive trygge, gode skular og barnehagar. Vi skal vere i stadig utvikling og drive barnehagar og skular som tek vare på trivsel, tilpassa opplæring, godt læringsmiljø og personleg vekst. Vi skal ha aktive, deltakande og samfunnsengasjerte barn og unge.

Oppvekstsektoren skal ha fokus på tidleg innsats og tilpassa opplæring. Vi skal ha eit koordinert og einsarta opplæringstilbod i heile kommunen.»

Dette målet når ein med dagens struktur i Bremanger kommune. Det vert dagleg arbeidd med fokusområder på alle skular og barnehagar, og det med gode resultat. Ikkje berre fordi det er verdiar lærarane sett høgt, men og fordi lærarane i fleire høve er plikta til å jobbe med dei, som t.d. tilpassa opplæring og at alle skal trivast og ha eit godt læringsmiljø. Kvart år deltek lærarar i barnehage og skule på kurs for å stadig vere i utvikling, og felles nettverksmøter i sektoren bidreg til å sikre eit koordinert og einsarta tilbod. I dag har lærarane høve til å gje god individuell opplæring og kan sikre det trygge og gode læringsmiljøet. Bremanger kommune har gode resultat på nasjonale prøver og elevundersøkingane viser at elevane trivst godt i skulen. Det er ikkje behov for ei drastisk endring av oppvekstsektoren for å nå eit allereie oppnådd mål.

I andre avsnitt under punktet «Effektmål og resultatmål» står det at ein må ta omsyn til demografisk utvikling og økonomiske rammer. Tidlegare i rapporten under punkt 2 «Bakgrunn» står det at ein ventar ein nedgang i tal på skuleborn på 20% dei neste 8 åra. Dette er nedslåande tal i seg sjølv, men vil ein strukturendring av oppvekstsektoren i kommunen gje positive ringverknader når det kjem til den demografiske utviklinga? SWOT-analysen for dei einskilde einingane syner at det er utelukkande positivt for lokalsamfunnet å ha skulen der. I ein kommune som slit med tilflytting kan nettopp nærleiken til skule og barnehage vere eit godt argument for ein barnefamilie å flytte til bygdene i kommunen.

Det er ikkje behov for ei drastisk endring av oppvekstsektoren får å nå eit allereie oppnådd mål.

Tom Milan Cvitanovic Hem

Det er verdt å merke seg at om ein vel å leggje ned eit oppvekstsenter eller delar av oppvekstsenteret så fjernar ein samstundes arbeidsplassar i bygda, fleire av desse på høgskule nivå. Så vert det eit spørsmål om det å leggje ned eller flytte arbeidsplassar frå bygdene, vil forsterke den allereie negative demografiske utviklinga.

Når det kjem til økonomi i punktet «Effektmål og resultatmål», kan ein ved å gjere endringar i oppvekstsektoren, i følgje rapporten, redusere lønsutgifter. Gjev desse tala eit rett bilete av innsparingane når lønsutgifter til ein lærar ikkje nødvendigvis er knytt opp til eit særskild trinn? . Sjølv om ei «samanslåing» av klassar frå ulike bygder kan føre til lågare lønsutgift, så kan ein ikkje berre ta omsyn til lønsutgiftene. På dei større skulane har gjerne læraren «sine fag» ein underviser i, og underviser på fleire trinn innanfor desse faga. Ved dei mindre skulane er ein også avhengig av lærarar som har kompetanse til å arbeide på dei ulike trinna innanfor ulike fag. Ved å flytte delar av oppvekstsenteret kan det gje store konsekvensar for dei som «er att», både for å klare stette krava til kompetanse, nedbygging av eksisterande fagmiljø og utfordringar knytt til kompetent vikar i klasserommet. Endringar ein stad kan få store konsekvensar ein annan stad.

I tillegg til utfordringar knytt til flytting av personale ligg det utgifter til modellane som ikkje er synleggjort i rapporten, til dømes utbygging og drifting av skulebygg på Kolset i modell C, samt ekstra skysskostnader til symjebasseng og idrettshall året gjennom for 7 klassar.

Vil modellane føre til faktiske innsparingar? Og vil det vege opp for alle dei andre negative følgjene dette kan få? Vil endringane berre «forflytte» utfordringane og i verste fall forverre situasjonen?

I rapportens punkt 10 «Manglar ved rapporten» står det fleire viktige punkt som styringsgruppa ikkje har hatt høve til å setje seg inn i, mellom anna vegstandard og forsking på konsekvensar ved lang skuleveg og undervisning i små og store klassar. Dette er vesentleg informasjon som bør ligge til grunn når kommunestyret skal ta stilling til framtidig oppvekststruktur.

Kvar einaste dag gjennom skule og barnehageåret leverer dei tilsette i samsvar med målet; vi driv trygge, gode skular og barnehagar, vi er i stadig utvikling, vi har fokus på trivsel, tilpassa opplæring og vi har eit godt læringsmiljø. Vi har aktive, deltakande og samfunnsengasjerte barn og unge. Dagens skulestruktur er økonomisk krevjande, men gjev resultat. Ei strukturendring kan ikkje garantere lik eller betre oppfølging av det einskilde born. Ikkje la økonomi i form av lønsutgifter går før kvaliteten på opplæringstilbodet til elevane. Kvalitet kostar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags