Svein Olav Senneset innfelt i eit bilde frå Dalen jaktvald i ytre.

Svein Olav Senneset innfelt i eit bilde frå Dalen jaktvald i ytre. Foto:

Han samlar Bremangerlandet til eit hjorterike

Først nei frå eigen kommune, deretter nei frå Fylkesmannen. Men væpna med sylskarpe argument let kystjegeren seg ikkje stoppe.
Arve Solbakken
Publisert
DEL
Først nei frå eigen kommune, deretter nei frå Fylkesmannen. Men væpna med sylskarpe argument let kystjegeren seg ikkje stoppe.

Han har å slektast på. Svein Olav er son til den gamle ordførarkjempa i Bremanger, Svein Kåre Senneset. Det ser ut til at det berømte eplet har falle ganske rett ned langs stammen.

– Vi synest det naturleg å lage eit samanhengande bestandsplanområde her ute på Bremangerlandet. Det er ei logisk geografisk eining, der vi kan samarbeide godt med nabovalda våre. Eit døme er at i Dalen jaktvald har det vandra mykje bukk, medan i vårt eige vald er det mykje koller. Då er det veldig fornuftig å sjå desse i samanheng. Eit plansamarbeid med vald i indre Bremanger er ikkje så naturleg, påpeikar Svein Olav Senneset.

Søknad om bestandsplanområde og bestandsplan på Bemangerlandet.

Søknad om bestandsplanområde og bestandsplan på Bemangerlandet. Foto:

Bremangerlandet er ei logisk geografisk eining, der vi kan samarbeide godt med nabovalda våre.

Svein Olav Senneset

Som Balkan

Det er få tema som engasjerer og hisser opp elles sindige karar i bygdene meir enn hjortejakt. Dersom ein studerer kart over samarbeidande bestandsområde for hjort i Bremanger kommune med eit humoristisk skråblikk, så liknar det til forveksling nesten eit kart over kruttønne-statane på Balkan.

Bremanger kommune har delteke i Vestskog sitt store prosjekt, Forvaltning av hjortebestanden 2013–2017. Utgangspunktet er å dele landområda opp i eit årsleveområde- sidan hjorten vandrar på tvers av kommunegrenser. Det nordre årsleveområdet i Bremanger er definert frå Kalvåg og Bremangerlandet i vest og heilt inn til Gloppen på sørsida av Nordfjord. Hjorteforvaltar Bjørn Henry Marthinussen har ivra for å få til ei heilskapleg forvaltning, men har ikkje makta å bli nokon lokal Harald Hårfagre.

Hornelen bestandsplanområde har nokon vald i indre og nokre i ytre- men det er mange som manglar.

Hornelen bestandsplanområde har nokon vald i indre og nokre i ytre- men det er mange som manglar. Foto:

Kongstanken

Kongstanken og ideen er å få samla alle hjortevald i det same årsleveområdet til å lage ein felles bestandsplan. Derfor blei bestandsområdet Hornelen stifta. Men å samle ytre og indre til eit forvaltningsmessig hjorterike, det er eit lang lerret å bleike. Isane og Ålfoten klaga på danninga av Hornelen bestandplanområde, men blei avvist både hos kommune og Fylkesmann. 

Arealberekning av Ålfoten og Isane Storvald.

Arealberekning av Ålfoten og Isane Storvald. Foto:

Hornelen bestandplanområde under leiing av Per Lars Sande i Vestre Kvarven ved Svelgen, har gode kontaktar på Frøyalandet i ytre og fekk elles samla med seg nokre småvald rundt omkring på til saman 112035 da.

Då Svein Olav Senneset og medspelarane i Bremangerlandet bestandplanområde søkte om godkjenning i vår, lyste varsellampane. 

Fekk nei to gonger

Bremangerlandet fekk først nei hos viltforvaltaren og administrasjonen i kommunen, men etter eit oppklaringsmøte med Svein Olav Senneset og medspelarane hans på rådhuset tidleg på sommaren, vart det gjort tydeleg at det ikkje eksisterte noko formelt grunnlag i forskrifter for å seie nei. Bremangerlandet forvaltningsområde, med 16 hjortevald som heng saman geografisk og har eit areal på 127010 da, blei til slutt godkjent av kommunen.

Siste utveg for å stoppe Bemangerlandet bestandsplanområdet var å klage til Fylkesmannen. Hornelen bestandplanområde klaga vedtaket inn og argumenterte mellom anna med at ein ikkje kan ha eit bestandsplanområde inne i eit anna. Fylkesmannen gav klagaren medhald 1. september – to veker før jakta skulle starte.

– Vedtaket gav inga meining og den faglege oppsummeringa er direkte feil, kommenterte Svein Olav Senneset, og tok kontakt med byråkratane på Leikanger.

Krav til bestandsplanområde

Området skal vere minimum 20 gongar eit definert minimumsareal. Både Hornelen og Bremangerlandet oppfyller dette kriteriet.

Definisjon: To eller fleire vald som samarbeider om å utarbeide bestandsplan.

Forvaltninga skal ta i vare bestandens og leveområdet sin produktivitet og mangfald.

Ein skal sikre at storleiken på bestanden ikkje fører til uakseptable skader og ulemper for andre samfunnsinteresser.

(Hjorteviltforskrifta)

Fylkesmannen måtte snu

Ei veke etterpå måtte Fylkesmannen sende ut nytt vedtak: «Etter innspela frå Bremangerlandet bestandsplanområde og etter å ha vurderte reglane og skjønsrommet i hjorteviltforskrifta på nytt, gjer vi om vårt vedtak.»

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal forklarer det slik:

– Vi fekk ei orientering frå rådmannen, som påpeika at områda i indre og ytre delar av kommunen er to forholdsvis ulike område for hjorten. I vår revurdering la vi meir vekt på å følge det lokale demokratiet og hadde ein ny grundig gjennomgang av regelverket i lag med Miljødirektoratet. Det er vanskeleg materie dette og dels utydelege forskrifter å tolke. Samstundes har vi munnleg bedt om at kommunen skjerpar seg med å legge fram meir grundige grunngjevingar for sitt vedtak når dei sender saker til oss.

Bjørn Henry Marthinussen i formannskapet i Bremanger.

Bjørn Henry Marthinussen i formannskapet i Bremanger. Foto:

Uønskt utvikling

Utfallet av saka er ikkje førstevalet til viltforvaltar Bjørn Henry Marthinussen, som har jobba hardt for å få til ei meir heilskapleg forvaltning.

– Dersom ein greier å samle seg om eit samanhengande bestandsområde i ytre og eit i indre Bremanger. Ville ikkje det vere eit framsteg?

Det ville vere eit framsteg samanlikna med dagens situasjon. Eg er langt meir nøgd med det vi har fått til i det sørlege leveområdet for hjort i Bremanger, der vi samarbeider godt med hjortevalda over kommunegrensene med Flora, Gloppen og Naustdal.

Prosjektet til Vestskog; Forvaltning av hjortebestanden 2013-2017, tek slutt i år. Spørsmålet om resultata er så lovande at Miljødirektoratet og Fylkeskommunen vil gå inn med meir midlar for å vidareføre det.

Artikkeltags